Mongstad går glipp av millionar dagleg

GÅR GLIPP AV MILLIONAR: Statoil Mongstad sopar inn pengar for tida, men berre halvparten så mykje som dei kunne ha gjort.

GÅR GLIPP AV MILLIONAR: Statoil Mongstad sopar inn pengar for tida, men berre halvparten så mykje som dei kunne ha gjort. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

For fyrste gong på svært lang tid er oljeprisane slik at Mongstad kan sopa inn pengar, men anlegget går berre for halv maskin

DEL

Det stadfestar Mongstad-sjef Rasmus Wille overfor avisa Nordhordland.

Årsaka er at crack-eren er havarert. Det har den vore i fleire veker alt, og truleg er den ikkje oppe og går før ved nyttår igjen.

LES OGSÅ: Denne delen av Statoil tjener på oljeprisfallet

Den siste tida har råoljeprisane stupt frå 114 dollar fatet i sommar til rundt 60 dollar fatet no like før jul. Samstundes har prisane på produkta holdt seg oppe.

Havarert kompressor

Det har ført til at pengane har rent inn i ei botnskrapa kasse. I 2013 tapte Statoil Mongstad 1,1 milliardar kroner, pluss at dei måtte ta 2,6 milliardar kroner i avskriving på verdien på anlegget.

Difor har dei siste månaders utvikling vore godt nytt for Statoil Mongstad. Men ikkje så godt som ynskjeleg.

– Det er ikkje tvil om at med den låge råoljeprisen som er no, og dei produktprisane som har holdt seg høge, er det gode pengar i raffinering for tida, seier Mongstad-sjef Rasmus Wille til avisa Nordhordland.

Men altså ikkje så godt som ynskjeleg, sidan cracking-anlegget har vore ute av drift i to veker.

– Årsaka er eit havari i ein kompressor, seier Wille.

– Difor har me ikkje fått utnytta dei gode marginane så godt som me hadde kunne gjort, innrømmer han.

Tek ein utgangspunkt i rekneskapen for 2013, hadde Statoil Mongstad driftsinntekter på 2,1 milliardar kroner. Det tilsvarar 5,75 millionar kroner kvar dag. Sju dagar i veka, 365 dagar i året.

Når crackeren då står for nesten halvparten av inntektene, er det snakk om enorme summar ein går glipp av på Mongstad.

Wille seier dei reknar med å ha fiksa utstyret til nyttår.

– Kva taper du på dette?

– Eg vil ikkje gje nokon spesifikke tal, men det er nok i nærleiken av halvparten av innteninga som manglar, innrømmer han.

Tenkjer positivt

– Kor frustrerande er det at når marginane endeleg er på dykkar side, så streikar anlegget?

– Det er sjølvsagt veldig ergerleg. Men ein del av jobben min er å finna ut korleis me kjem tilbake frå dette, seier han.

– Eg kan bruka all mi tid på å vera frustrert over dette, eller eg kan bruka tida mi på korleis me kan gjera dette betre neste gong, seier Wille.

Han seier det er viktig for han å tenkja positivt.

– Elles vert det lange og slitsame dagar som raffineridirektør, sluttar han.

Artikkeltags