Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle knytt til Knarvik ungdomsskule

65 elevar og 8 tilsette er i karantene etter at ein ny person knytt til skulen har testa positivt for koronavirus.

Det melde Alver kommune i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Søndag 11. april vart det først meldt om eit smittetilfelle på Knarvik ungdomsskule, som fører til at elevane og dei tilsette ved skulen må halde seg heime dei neste dagane.

I lys av det første smittetilfellet har fleire personar på skulen blitt testa, og måndag 12. april fekk kommunen melding om at ein ny person har testa positivt.

I første omgang blir det heimeskule for alle til og med onsdag. Dei som er i karantene skal ha heimeskule i heile karantenetida.

– Det er framleis ein del prøvar vi ikkje har fått svar på. Så det er viktig at alle elevane held seg heime og har minst mogleg kontakt med andre til vi får oversikt over situasjonen, seier rektor Morten Olsen Schulstad.

Totalt er 65 elevar og 8 tilsette i karantene. Rektor har informert elevar, føresette og tilsette på skulen om situasjonen, og lovar oppdatert informasjon om undervisninga vil skje digitalt eller på skulen etter onsdag for dei som ikkje er i karantene, kjem det fram i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken