Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle i Alver

Tilfellet er knytt til eit utbrot som har spreidd seg til fleire av kommunane i Bergensregionen.

– Det er ingenting som tyder på at dette er starten på eit utbrot hos oss. Vi har testa fleire nærkontaktar til ein person frå ein annan kommune, og har hittil berre fått påvist koronavirus hos ein av desse, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Kommunen følgjer situasjonen tett, og ber alle innbyggjarar om å setje seg inn i og følgje dei nye nasjonale smittevernreglane.

Hald avstand

Det er særleg to råd kommuneoverlegen i Alver ønskjer at innbyggjarane skal merke seg:

  • Hald to meter avstand til andre
  • Avlys arrangement og samlingar

– Dei nye virusvariantane er meir smittsame. Difor er det viktig å halde ekstra avstand til andre enn dei vi bur ilag med. Regjeringa har dobla «meteren». Rådet er no to meter avstand eller munnbind der det ikkje er mogleg, seier Folgerø.

Unngå samlingar

Smittetrykket i Alver har vore lågt lenge. Den siste månaden har kommunen berre registrert tre tilfelle.

Kommuneoverlegen ber innbyggjarane om å halde fram det gode arbeidet – også i påska.

– Det kan vere vanskeleg å takke nei til ein invitasjon eller la vere å invitere venner og familie i påska, men det viktigaste vi kan gjere no er å ikkje samlast, seier kommuneoverlegen.

Les også

Gunnar vart skuffa av synet som møtte han på Knarvik senter

Les også

Stenger skulen ut veka – ein tilsett rekna som nærkontakt

Kommentarer til denne saken