Gå til sidens hovedinnhold

Nytt koronatilfelle i Alver

Etter to veker utan registrert smitte, er eit nytt tilfelle påvist.

Torsdag denne veka blei det meldt om eitt nytt koronatilfelle i Alver.

Siste tilfelle i Alver kommune vart registrert 16. februar. Det gjekk vidare over to veker før eit nytt tilfelle var kjent. Totalt sidan mars i fjor, har 154 personar i kommunen fått påvist smitte.

Det er også lenge sidan det er registrert smitte i fleire omlandskommunar til Alver:

  • Austrheim: 22 smitta totalt, siste tilfelle 8. februar
  • Fedje: Ein smitta totalt, siste tilfelle 22. november
  • Masfjorden: Fem smitta totalt, siste tilfelle 6. november
  • Modalen: Ingen registrerte smitta

Vi oppdaterer saka.

Les også

Flest vaksinar går til Austlandet. Dette synest folk på Lindås om det

Les også

11 av 17 testa positivt på skipet som var innom Alver og Gulen. Kapteinen omkom

Kommentarer til denne saken