Ni av ti universitet ikkje i nærleiken av å oppfylle språklova

Illustrasjonsfoto. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Illustrasjonsfoto. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Av

Ni av ti universitet er langt unna å oppfylle kravet om bruk av begge målformer. Verst står det til med nynorskbruken ved Universitetet i Søraust-Noreg.

DEL

Det viser ferske tal frå Språkrådet, skriv Khrono.

Språklova seier at begge målformer skal vere representert med minst 25 prosent. Når det gjeld kategorien lengre tekstar, ligg Universitetet Sør-Noreg (USN) på 15 prosent. Men på nettsider og i sosiale medium er delen heilt nede i høvesvis 2,1 og 2,6 prosent.

Det finst ingen gode unnskyldningar for den språklege svikten, seier USN-rektor Petter Aasen.

– Men det finst nokre forklaringar. Vi er under eit dobbelt press frå styresmaktene med kravet om 25 prosent nynorsk og å ta vare på norsk fagspråk samla sett, samtidig som vi blir oppmoda til å styrke dei engelskspråklege tilboda, seier rektoren.

Universitetet i Bergen har ein nynorskdel på nettsidene på 23,1 prosent og på 27,9 prosent i sosiale medium. Utanom dette har universiteta ein nynorskdel på under 10 prosent på nettsidene sine. Det betyr at berre eitt av ti universitet er i nærleiken av å innfri lovkrava til veksling mellom målformene, skriv Khrono.

Oslomet er det einaste universitetet som ikkje har rapportert tal for språkbruk.

Artikkeltags