– Det er i beste fall ansvarsfråskriving å la deltakarane velje målform sjølve

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Debatten om opplæringsspråk i vaksenopplæringa held fram.

DEL

LesarbrevEg les med interesse dei ulike perspektiva på kva målform vaksenopplæringa i Lindås kommune skal eller bør nytte i norskopplæringa av innvandrarar som kjem til kommunen.

Personleg har eg ikkje nokon meining om det bør vere bokmål eller nynorsk, men det eg har ei meining om er argumenta begge sider nytter for å fremje saka si. Viss målsetjinga er å ha effektiv opplæring med maksimalt læringsutbyte, må ein vete noko om kva som fører til dette. Då kan ein ikkje synse, då bør ein vete. Ein må vete noko om korleis vaksne lærer, ein må vete noko om kva som skil språkopplæring hjå barn frå den hos vaksne. Ikkje minst må ein vete noko om motivasjonen hjå den einskilde deltakaren som skal lære seg eit nytt språk.

Viss ein verkeleg vil slå eit slag for den eine målforma framfor den andre må ein og vete noko om kva som skil desse målformene i høve til,  til dømes lydrette ord kontra ikkje lydrette ord, artikulasjon, grad av eksponering for dei ulike målformane der ein er i kvardagen (skule, nærmiljø, arbeidsplass, barna sitt opplæringsspråk med vidare). Til slutt bør ein vete noko om faktorar som er viktige for integrasjon der desse menneska bur.

Alt dette er forska på, ikkje berre i fjerne land som USA og Storbrittania, men til gagns også i Sverige, Danmark og Noreg. Erfaring er vel og bra, og erfaring er vigtig, men utan å kople personleg erfaring mot forsking, kan det bli ein farleg veg å gå. Alle veit kor enkelt det er å få stadfesta si eiga meining, det er berre å gå dei rette plassane. Eit døme er referansen til Voss kommune. Voss kommune endra målform frå bokmål til nynorsk for to år sidan. Det er klart at det er hardt arbeid å endre ein grunnpillar som eit opplæringsspråk i ein opplæringsinstitusjon. Dersom ein hadde besøkt Gloppen kommune i Sogn og fjordane, ville ein ha fått eit anna perspektiv. Gloppen har halde på lenge med alle spor. Eg jobba ein gong på ein skule der rektor sa "Eg har vore rektor i 30 år, skulle eg ikkje vete kva eg snakka om?" Ingenting i måloppnåinga for skulen tyda på det. Difor er forskinga vigtig.

Eg ser ikkje at forsking er referert til i det heile. Dersom personlege erfaringer finn støtte i forskinga, kan ein vere ganske sikker på at argumentasjonen er på rett veg, i den eine eller andre retninga. Offentlege formelle beslutningar som får omfattande konsekvensar bør ha solid fagleg forankring. Eg skulle difor ønskje at personar som uttalar seg gav oss lesarar referansar som viser kva dei bygger meiningane sine på.

Slik eg ser det, er det i beste fall ansvarsfråskriving å la deltakarane velje målform sjølve. Korleis har dei føresetnadar for det? Då må dei først vete noko om Noreg si historie, den språkpolitiske utviklinga i Noreg, om statusen til målformene i dag og korleis den fungerer for nordmenn som bur og lever med desse målformene i det daglege.

Dersom ein ikkje bringer meir faglege funderte argument på bordet, kan ein ikkje la vere med å tenkje at det er andre grunnar enn det som faktisk fremjer god og effektiv opplæring - til dømes økonomi, manglande kompetanse eller rett og slett vilje. Klart at det kan vere praktiske utfordringar i kvardagen; kvaliteten på læreverk, organisering av opplæringa, skilnad mellom teori og praksis, ressursar, men det gjeld opplæringssektoren generelt, ikkje norskopplæringa av vaksne spesielt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags