Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Riksrevisjonen er eit stortingsorgan og fell difor ikkje inn under språklova sine krav om veksling mellom bokmål og nynorsk. Men Riksrevisjonen har eit samfunnsoppdrag som landets største offentlege revisjonsorgan. Det inneber å halda revisjonsfaget og revisjonsspråket levande på dei norske skriftsmåla - nynorsk og bokmål.
Dette er årsaka til at fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen har kommentert fråværet av rapportar på nynorsk i handsaminga av årsrapporten frå Riksrevisjonen i 2020. Fleirtalet oppmodar Riksrevisjonen til å veksla mellom bokmål og nynorsk i dokumenta til Stortinget.
Høgre støttar dette, men har samstundes lagt til ei mindretalsutsegn om at rapportane berre skal skrivast på nynorsk om det ikkje inneber meirkostnad eller forseinking. Høgre meiner Riksrevisjonen ikkje må få føringar utover krava i språklova.
Eg meiner Høgre bommar. Riksrevisjonen har ei avgjerande rolle i å forma revisjonsspråket i det offentlege. Om ikkje Riksrevisjonen skriv på nynorsk, blir det etter kvart slik at revisjon og kontroll berre kan gjerast på bokmål. Om Riksrevisjonen treng kompetansehevande tiltak for å få til å levere rapportar på nynorsk vil det vere god ressursbruk. Det er sjølvsagt at Riksrevisjonen skal skriva nynorsk – og om det vil gje ein meirkostnad. Me forventar rapportar på nynorsk i året som kjem. For skal me utvikle den rike språkarva vår må nynorsk og brukast som fagspråk.