Som Avisa Nordhordland nyleg kunne fortelje går Rolf Inge Fyllingsnes snart av som rektor ved Vestbygd skule for å bli pensjonist.
Fem personar har søkt på den ledige rektorjobben. Det melder Meland kommune som har gått ut med søkarlista. Desse er:
Johnny Danielsen (48)
- Adresse: Ostereidet
- Noverande stilling: Undervisningsinspektør ved Sagstad skule
Johnsen Irene Ranveig (57)
- Adresse: Rossland
- Noverande stilling: Adjunkt
Bernt-Andre Lien (42)
- Adresse: Frekhaug
- Noverande stilling: Innkjøpar
Monica Reigstad (45)
- Adresse: Seim
- Noverande stillng: Studieinspektør
Dag Sveinung Åsheim (57)
- Adresse: Haus
- Noverande stilling: Avdelingsleiar
Tre rektorjobbar i regionen
Vestbygd skule i Meland er ikkje den einaste skulen i regionen som har rektorjobb ledig for tida.

Vestbygd skule søker ny rektor
Avisa Nordhordland har tidlegare meldt at Sandnes Skule i Masfjorden er på rektorjakt etter at Karie Bøe det siste året har hatt ansvaret for både Sandnes skule og Nordbygda skule. No blir det oppretta rektorstilling ved Sandnes skule for at begge skulane skal få sin eigen rektor.

Sandnes skule søker spenstig rektor
På Ostereidet ungdomsskule går Arne Riisnes snart av med pensjon og er klar for å overlate rektorjobben til andre.

Ostereidet ungdomsskule søkjer ny rektor