Regjeringa droppar nasjonal rammeplan for vindkraft

Vindkraftplanane har fått mykje motstand. Arkivbilde frå støttemarsj for Stølsheimen i fjor.

Vindkraftplanane har fått mykje motstand. Arkivbilde frå støttemarsj for Stølsheimen i fjor. Foto:

Av

Etter massiv motstand frå kommunane vil regjeringa skrote NVEs forslag om ei nasjonal ramme for vindkraft på land.

DEL

– Det skulle vere eit konfliktdempande tiltak, det har det ikkje vore med dei svara vi ser. Derfor har vi tenkt å leggje vekk denne nasjonale ramma og sei at vi ikkje skal ha noko nasjonal ramme for vindkraft framover, seier statsminister Erna Solberg til NRK.

Det har komme over 5.000 høyringssvar om forslaget til nasjonal ramme for vindkraftutbygging på land som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) la fram i april.

Der peikte NVE ut 13 område som direktoratet meiner er dei mest egna for vindkraft på land i Norge. 98 kommunar har areal innanfor dei 13 områda.

Fleirtal seier nei

I høyringsrunden har 56 kommunar svart. 49 kommunar seier klart nei til vindturbinar, blant dei alle kommunar i Vestland fylke som er råka av den nasjonale ramma, medan tre kommunar er skeptiske.

Ifølge ei oversikt frå Klassekampen i september, seier 78 av 101 kommunar som har område velegna for vindkraft på land, nei til utbygging, medan berre fem seier ja. 18 har ikkje svart eller veit ikkje.

Òg Landssammenslutninga av norske vindkraftkommunar (LNVK) meiner NVE-planen «i føreliggande form bør skrinleggast.» LNVK samlar 47 kommunar som har eller der det er planlagt eller gitt konsesjon for vindkraftverk.

På vent

Alle konsesjonssøknader om vindkraft som ligg til behandling hos NVE, har lege på vent under høyringsrunda. No er ventetida ytterlegare forlenga inntil det har komme ei avklaring på endringar i konsesjonssystemet, varslar olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp).

– Når vi inviterar til å få innspel, så har vi jo òg til hensikt å lytte. Det er det vi gjer, og vi ser eit behov for å gjere noko med konsesjonssystemet nettopp for å gjere eit godt system endå betre for å førebyggje konfliktar som vi har sett det har vore rundt enkelte utbyggingar av vindkraft, seier Freiberg til NRK.

Han varslar full gjennomgang av konsesjonssystemet.

–Tidsfristar, involvering av kommunen og detaljnivået er ting som vi ser om det er grunnlag for å sjå på og gjere betre enn det er i dag, seier Freiberg.

Sprikande syn

Blant partia på Stortinget er det ulike meiningar om saka. Både Frp, Senterpartiet og KrF meiner kommunane må ha vetorett, medan Ap vil gi kommunen sitt syn stor vekt, men ikkje gi kommunane vetorett.

Raudt meiner Stortinget må trekke i nødbremsen og be regjeringa stoppe alle vindkraftutbyggingar inntil den nye nasjonale planen er på plass, medan politikarar frå SV og Høyre har tatt til orde for at staten må overkjøre kommunane, blant anna fordi det er eit stort sprik mellom behovet for miljøvennleg energi og kva kommunane vil seie ja til.

Artikkeltags