Vil legga E39 i lokk

KAOS: Tusenvis av bilar køyrer gjennom Knarvik sentrum dagleg. No jobbar kommunen med å legga vegen i lokk under bygda. Innslaget skal komma mellom rundkøyringa ved Hagelsund bru og rundkøyringa ved Knarvik senter.

KAOS: Tusenvis av bilar køyrer gjennom Knarvik sentrum dagleg. No jobbar kommunen med å legga vegen i lokk under bygda. Innslaget skal komma mellom rundkøyringa ved Hagelsund bru og rundkøyringa ved Knarvik senter. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Lindås kommune håpar å få vekk trafikken frå bakkeplan.

DEL

Går det slik kommunen håpar, skal vegen gå i tunnel ein plass mellom dagens rundkøyring ved Hagelsund b rua og Knarvik senter. Vegen skal då gå under heile sentrum før den kjem opp eit stykke lenger borte.

Ligg ikkje i NTP

Dette for å få vekk trafikken og gjera sentrum til ein trivlegare plass enn kva ein ser i dag, ved å knyta sentrum meir saman.

– Men for å få det til er me dønn avhengige av Statens vegvesen, innser Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Men Statens vegvesen kan ikkje lova for mykje per dags dato.

– Desse planane er ikkje med i komande NTP. Men me har tatt omsyn til det ved planlegginga av det nye krysset ved den nye Hagelsundbrua, seier Steinar Solberg i Statens vegvesen til avisa Nordhordland.

Planame er ein del av ein total transformasjon av dagens triste og bilbaserte Knarvik sentrum.

Planen er å gjera om Knarvik til ein moderne småby med parkering under bakken og butikkar og liv på gateplan. Ein vil og få inn grøntområder. Mellom anna skal dagens skyss-stasjon gjerast om til ein park. Den framtidige skysstasjonen skal koma nærare Hagelsundbrua.

– Må ha to tankar i hovudet

– Det er vanskeleg å seia kortid alle planane for Knarvik er realiserte, men eg trur alle er opptekne av at me ynskjer ein plan for Knarvik som er realiserbar og ikkje vert liggande i ei skuff, seier ordføraren.

– Me må ha to tankar i hovudet samstundes. Både ein framtidsretta plan, men og ein me kan gå i gang med raskt, seier ho.

Meir enn lyng og hei

Ordføraren meiner at planen for Knarvik sentrum kan realiserast meir pø om pø enn kva gigantprosjekta som ny Hgelsundbru og tunnel på fylkesveg 57.

Ho er oppteken av fornying og forandring av Knarvik-bygda.

– For 40 år sidan. Kva var Knarvik då? Det var berre lyng, og det er trass alt ikkje lenge sidan. seier ho.

– Og no ser ein kor utruleg utvikling Knarvik har hatt, og meir skal det verta. Då må me følga med, seier ho.

Les meir om vegplanane i dagens utgåve av Nordhordland! Her kan du kjøpa e-utgåva vår!

Artikkeltags