Vil gje russen gratis vaksine

GRATIS VAKSINE: Henriette Spurkeland, David Aasgaard og resten av Krf U vil gje russen gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse.

GRATIS VAKSINE: Henriette Spurkeland, David Aasgaard og resten av Krf U vil gje russen gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse.

Artikkelen er over 7 år gammel

Krf U vil vaksinera all russ gratis.

DEL

I dag må russen ut med 600 kroner for å bli vaksinert mot smitsam hjernehinnebetennelse. – Frå neste år bør dette vera gratis for alle, meiner Krf-ungdomen.

Henriette Spurkeland går på Knarvik vidaregåande, medan David Aasgaard går på Danielsen vidaregåande i Bergen.

Begge to er kristenruss, og medlemmar i Krf-ungdomen. Dei fryktar russetida kan enda i tragedie for nokre få russ, på grunn av ein kostnad på 600 kroner.

– Vi har hatt fleire rundar med informasjon om hjernehinnebetennelse og om vaksina som finst. Men det er jo ikkje lenger slik at du kan ta sprøyta der du bur. For å ta vaksine må folk til Frekhaug på vaksinasjonsklinikken. Kombinert med prislappen på 600 kroner vert det fort til at mange droppar heile greia, trur dei to 19-åringane.

Kan ramma alle

Som kristneruss heldt dei russefeiringa på eit nivå der risikoen for smitte kanskje er mindre. Men David og Henriette peikar på at hjernehinnebetennelse er ein sjukdom som kan ramma også om du er varsam.

– Kyssing og drikking frå same flaske er jo kjente årsaker. Men smitsam hjernehinnebetennelse kan og smitta gjennom dråper frå hoste. Det kan vera nok å vera i nærleiken av ein som er smittebærar. I tillegg er det slik at det ofte vert mykje roping og skriking i russetida. Då får du små sår i halsen som gjer at smitta lettare rammar, seier Aasgaard.

Han seier at statistikkane viser at færre russ mister livet no enn kva tilfellet var for ein del år sidan. Truleg takka vera førebygging, informasjon og det at både ungdom og skular har klart å leggja ein viss dempar på feiringa.

Informasjon om smitsam hjernehinnebetennelse har og nådd fram. I fjor tok berre nokre hundre russ vaksine, i år har tusenvis allereie gjort det.

Eit for mykje

– Men framleis skjer det tragediar kvart år. Eit dødsfall er eit for mykje. Om gratis vaksine kan redda berre eit liv så er det verdt det. Rekninga vil bli på nokre millionar, men vi kan ikkje setja nokon pris på kva eit liv er verdt, seier Aasgaard.

– Vi ser ingen grunn til at ikkje gratis vaksine skal kunna vera på plass til russefeiringa neste vår, seier dei to.

Artikkeltags