Viktig lærdom til ettertanke...

SAKN: - Eirin skulle vore russ saman med oss, seier (f.v.) Irmelin Hosøy Skår, Marte Aadland og Ingeborg Boge.

SAKN: - Eirin skulle vore russ saman med oss, seier (f.v.) Irmelin Hosøy Skår, Marte Aadland og Ingeborg Boge.

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Årets russeaksjon vert ekstra tøff for dei tre veninnene frå Frekhaug.

DEL

5 kr for digitalt abonnement i 5 veker

Eirin skulle ha vore blant dei, i staden vert dei på ny konfrontert med ulukka som kosta henne livet.

Eirin Markhus ville ha vore russ i år dersom ho hadde fått leva. Enno, tre og eit halvt år etter trafikkulukka på Frekhaug, kjenner venninnene på saknet.

Ingeborg Boge, Marte Aadland og Irmelin Hosøy Skår er alle tre russ i år. Dei var nære venninner med Eirin, som 21.oktober 2006 døydde etter at ho vart påkøyrd på Frekhaug.

- Ho skulle vore saman med oss i dag, seier Ingeborg, Marte og Irmelin.

Saman med dei andre i russen ved dei to vidaregåande skulane i distriktet vårt og elevane ved Nordhordland Folkehøgskule er dei samla i folkehøgskulen på Frekhaug si storstove.

Meiningslaust

Berit og Lars Arne Markhus, foreldra til Eirin, har nettopp fortalt om korleis dei opplevde at attpåklatten deira utan meining vart riven bort frå dei.

Open og ærleg skildrar dei ulukkesdagen, nærmast time for time og dagane etterpå. Tida på sjukehuset og fram mot gravferda. Bilda og filmen dei har med, viser for alle ei livskraftig og glad jente.

Det er stille i salen. Dei som ikkje kjende Eirin vert rivne med. For Ingeborg, Marte, Irmelin og alle dei andre som kjende henne, er dette eit møte på både godt og vondt.

- I løpet av åra som er gått, har vi måtta læra å gå vidare med liva våre. Det har vi gjort ved å vera der for kvarandre. Men det vil alltid vera eit tomrom etter Eirin. Det føler vi spesielt no, seier dei tre jentene til Nh.

Ein lang og smertefull veg

Elevane får også møta Kristoffer Eknes. Han var russ i fjor, men gleid med motorsykkelen på Søfteland og vart påkøyrd av ein bubil som ikkje hadde noko som helst skuld i ulukka. Eit hendeleg uhell. Men for Kristoffer vart vegen tilbake til det normale livet lang og smertefull.

- Det er ikkje noko kjekt å vera her i dag, sa Kristoffer. Etter å sett bilde på storskjerm frå den vanskelege tida frå ulukka og fram til no, vart minna for sterke. Men etter å ha brukt eit minutt til å samla seg, fortalde han med eigne ord korleis han opplevde ulukka.

- Ofte lurde eg mor mi når ho spurde om eg hadde teke på ryggskinna. Ho pleidde å masa om dette. Denne dagen maste ho så fælt at eg måtte ta den på. Viss eg ikkje hadde gjort det, hadde eg ikkje stått her i dag, sa han.

- Dette var sterkt, seier Ingeborg, Marte og Irmelin. Dei framhevar kor viktig det er at nokon står fram og snakkar om desse tinga.

- Spesielt synest vi det er viktig å informera oss som er russ, seier dei og viser til at russ gjerne har alt anna i tankane enn å visa vet i trafikken. Kanskje har dei alkohol i blodet òg.

Les meir i Nh lørdag...

Videoreportasje til ettertanke her

Sjå videoreportasje frå bildroppet her.

Artikkeltags