Jobbmessa i Vidsyn: – Eg vil jobba ein plass det er mange nordmenn

PÅ JOBBJAKT: – På lakseslakteriet der eg jobbar er det veldig mange andre frå Litauen. Då er det vanskeleg å læra seg norsk, difor vil eg gjerne finna meg ein ny jobb der det er mange nordmenn, seier Ernestas Jančiauskas.

PÅ JOBBJAKT: – På lakseslakteriet der eg jobbar er det veldig mange andre frå Litauen. Då er det vanskeleg å læra seg norsk, difor vil eg gjerne finna meg ein ny jobb der det er mange nordmenn, seier Ernestas Jančiauskas. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fullt hus på Vidsyn tirsdag ettermiddag.

DEL

– Eg er på jakt etter ein jobb der eg kan læra meg det norske språket betre, seier Ernestas Jančiauskas (25), ein av godt over 200 som var innom jobbmessa på Vidsyn i Sløvåg tysdag ettermiddag. Han er opprinneleg frå Litauen, og har budd i Norge eit år.

LES OGSÅ: Over 15 arbeidsgjevarar skal visa seg fram

– På lakseslakteriet der eg jobbar er det veldig mange andre frå Litauen. Då er det vanskeleg å læra seg norsk, seier han.

– Difor vil eg gjerne finna meg ein ny jobb der det er mange nordmenn.

Språket er ei hindring

Han er open for fleire typar jobb, og på jobbmessa leverte han CV til fleire ulike verksemder som kan vera interessante.

Målet hans på sikt er å få seg ein jobb der han kan få bruka utdanninga si, ein bachelorgrad i «International business and administration».

LES OGSÅ: – Vi må forventa at arbeidsløysa stig

– Språket er ei hindring eg må over, seier han. Etter eit år i Norge gjer han seg greitt forstått på norsk, men vil læra meir.

– Det er litt vanskeleg å læra seg, det er ganske ulikt morsmålet mitt, seier Jančiauskas.

Opplevd eit skifte

Dagleg leiar for Bunnpris i Sløvåg, Åshild Eide, er imponert over det store oppmøtet, og har tatt i mot ein heil del CV-ar på sin stand.

– Eg har snakka med veldig mange som er på jobbjakt, og fått inn ein god bunke med søknader, seier Eide.

– Tidlegare har det vore eit problem å få tak i kvalifiserte folk. Men no er det tydeleg at det har vore eit skifte, no er søkarane vi får inn nærast overkvalifiserte, seier ho.

Dei har nettopp tilsett fleire folk, og treng ikkje nye tilsette umiddelbart, men i daglegvarebransjen er sesongvariasjonane store.

– Den travlaste sesongen vår startar etter påske, då kunne vi lett vore to til, seier ho.

LES OGSÅ: Johny Birkeland transport er seld

NAV-leiar i Gulen, Asgeir Heimly, kaller messa ein ubetinga suksess.

– Det er ein formidabel interesse, det er kjempebra, messa er ein suksess utan tvil. Dette er første gongen NAV-kontora og kommunane har samarbeida med Gulen og Masfjorden utvikling om messa på denne måten, og vi var sjølvsagt spente på kor mange som ville komma, seier han.

– Med bussane vi sette opp frå Knarvik kom det 60 personar, nærare 200 har registrert seg på lsiter, og mange er her utan å registrera seg, seier Heimly.

– Eg trur dette er ein fin promotering for kommunane, dei har alltid bruk for folk, seier han.

Gulen kommune, Masfjorden kommune og Johny Birkeland Transport var sponsorar av arrangementet.

Artikkeltags