Varslar beltekontrollar i buss - du risikerer 1500 kroner i bot utan

Slurvar du med sikkerheitsbeltet i buss, kan det koste deg 1500 kroner.

Slurvar du med sikkerheitsbeltet i buss, kan det koste deg 1500 kroner. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Denne veka vil Statens vegvesen gjennomføre ekstra kontrollar på beltebruk i buss.

DEL

Det varslar Statens vegvesen i ei pressemelding måndag. Kontrollane vil bli gjennomført over heile Vestlandet.

Passasjerar og sjåførar utan belte risikerer eit gebyr på 1500 kroner.

– Vi gjer kontrollar heile året, men denne veka vil vi trappe opp kontrollane våre i klasse 3 bussar her på Vestlandet. Samstundes skal vi ut å formidle kampanjebodskapen til busspassasjerane, og bevisstgjere dei om at det er viktig å feste belte også på bussen, seier Anne Margrethe Bøe som er kampanjeansvarleg i Statens vegvesen Region vest.

I fjor haust vart 2465 passasjerar og sjåførar i buss kontrollerte på Vestlandet. Kontrollane viste då at 274 sat utan belte på bussen.

Fakta

Drepte og skadde personar i rutegåande bussar, privat minibuss og annan buss/turvogn i perioden 2009-2014:

  • 2009: 1 drept, 5 hardt skadd, 97 lettare skadd

  • 2010: 4 drept, 4 hardt skadd, 119 lettare skadd

  • 2011: 4 drept, 14 hardt skadd, 81 lettare skadd

  • 2012: 2 drept, 5 hardt skadd, 91 lettare skadd

  • 2013: 5 drept, 11 hardt skadd, 86 lettare skadd

  • 2014: 7 drept, 7 hardt skadd, 68 lettare skadd

  • 2015: 1 drept, 2 hardt skadd, 75 lettare skadd

  • 2016: 1 drept, data for skadde ikkje klare (foreløpig tal)

Dette seier lova:

  • Det er påbod om å bruke setebelte i alle køyretøy der det er montert.
  • Ekspressbussar, helseekspressar og liknande skal alle ha belter. (Klasse 3-bussar)

Kjelde: Statens vegvesen

Vegvesenet vil ikkje berre bruke pisk, men også legge stor vekt på å informere.

– Vi veit at informasjon og kontroll saman har effekt på folk sine haldningar og åtferd. Difor har vi denne gongen bestemt oss for å møte busspassasjerar ute på bussterminalane. Dette skal skje på dei største bussplassane i området i og rundt Bergen, seier Bøe i pressemeldinga.

Målet er ikkje å dra inn pengar til staten, men å redusere talet på alvorlege ulukker grunna manglande beltebruk.

– Utan belte er du til fare for deg sjølv og andre du reiser saman med om det skulle skje en ulukke. Gebyret i seg sjølv er ikkje viktig for oss, men eit viktig verkemiddel for å få fleire til å ta trafikksikre val. Det er få ulukker i buss, men skadepotensialet er stort om noko skulle skje, seier Bøe.

Artikkeltags