Stengt luftrom rammar flyreisande

Avinor Førde Lufthavn Bringeland Lufthamn Widerøe fly trafikk transport flygeleder rullebane

Avinor Førde Lufthavn Bringeland Lufthamn Widerøe fly trafikk transport flygeleder rullebane Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Luftrommet over Vestlandet er stengt, opplyser Avinor.

DEL

Avinor skriv i ei Twitter-melding at på grunn av tekniske problem er luftrommet over Vestlandet stengt, melder Firda.

NRK har snakka med direktør for undervegstenester i Avinor, Jan Gunnar Pedersen, som fortel at det er oppdaga ustabilitet i systemet flygeleiarane brukar.

– Det gjorde at vi ikkje kunne sleppe fleire fly inn i luftrommet og avvikla trafikken, seier han til NRK.

Det vil medføre ein del forseinkingar, men at det blir jobba med å utbetre feilen.

– Vi ber reisande møte opp som normalt, og elles halde seg til informasjonen frå flyselskapet om reisa, informerer Avinor.

Det er åtte flyplassar som er råka.  Av desse er alle fire flyplassane i Sogn og Fjordane.

Desse er råka:

Bergen, Stavanger, Haugesund, Førde, Florø, Sandane, Sogndal og Stord.

Artikkeltags