Har sendt ut varsel om vanskelege køyreforhold: Køyr forsiktig på veg til juleselskap

Bergens julestemning.

Bergens julestemning. Foto:

Julaftan starter med snø, men endar med godt gammaldags slapseføre.

DEL

(BA): Ingenting er meir vestlandsk enn dårleg vêr på julaftan, men årets julefeiring startar lovande, ifølge meteorologen.

– Om morgonen kjem det inn nedbør mot Vestlandet og Bergen, og faktisk startar det som snø, seier meteorolog John Smits.

Slapsete jul

Men for dei som vil glede seg over kvit jul, blir gleda desverre kortvarig.

– Seinare på dagen stig temperaturen. Så det blir først snø, som så regnar bort seinare. Då blir det slaps og litt blanda stemning akkurat når folk begynner å køyre avgarde til juleselskapa, seier Smits.

Nullføret måndag ettermiddag gjer at Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel på gult nivå med vanskelege køyreforhold i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

– Det kan bli utfordrande køyreforhold som følge av overgangsvêret. Folk som skal ut og køyre, bør vere merksamme på vegforholda og følge utviklinga. Det vil ikkje vere frost på bakken, men sleipt nullføre.

Saltar vegane

Vêrmeldinga har fått Vegtrafikksentralen til å mobilisere saltebilane.

– Vi sendte ut bilane klokka 17.00 i dag (søndag) og dei vil strø i heile Bergensområdet gjennom natta. Akkurat no er det ikkje meldt om glatte vegar, men det blir litt andre forhold i morgon, sa trafikkoperatør Marianne Hove søndag.

Lenger inne i fylket og i høgda blir snøen liggande. Utover kvelden vil snøgrensa ligge på 800 meter.

– Folk må ta det med ro og køyre pent. Det går nok greit, viss dei er obs enkelte plassar, avsluttar Smits.

Artikkeltags