Sjokkmelding til media frå Helse Vest

Statsminister Erna Solberg under den offisielle opninga av nye Haraldsplass i oktober i fjor. No skal ikkje Haraldsplass eller andre sjukehus i Helse Vest opplyse media om pasienttilstand etter alvorlege ulykker og valdshendingar.

Statsminister Erna Solberg under den offisielle opninga av nye Haraldsplass i oktober i fjor. No skal ikkje Haraldsplass eller andre sjukehus i Helse Vest opplyse media om pasienttilstand etter alvorlege ulykker og valdshendingar. Foto:

Frå 1. mars vil alle helseføretaka i Helse Vest avvikle praksisen med å gje media opplysningar om helsetilstanden til pasientar som har vore utsett for ulukker og valdshendingar.

DEL

(Firda): Dette gjeld alle sjukehus og behandlingsstader i Helse Stavanger, Helse Førde, Helse Fonna og Helse Bergen, opplyser Helse Vest i ei pressemelding tysdag.

– Vi har stor forståing for media si rolle og behov for å informere befolkninga i saker av offentleg interesse, men ivaretaking av teieplikt og personvern må gå føre media sitt informasjonsbehov.

I dag publiserer sjukehusa i Helse Vest pressemeldingar med tilstanden til pasientar som kjem inn etter ulukker/traume i det offentlege rom. Det blir opplyst om ulukkesstad, type hending, alder og kjønn på den skadde. Praksisen for dette er noko ulikt i sjukehusa landet over.

– Alle pasientar har rett til vern mot spreiing av opplysningar om personlege og helsemessige forhold. Det gjeld også personar som er utsett for ulukker eller valdshandlingar som blir omtalt i media, står det i pressemeldinga.

Informasjon til offentlegheita i beredskapssituasjonar følgjer framleis dei gjeldande beredskapsplanane i føretaka.

Artikkeltags