Slik skal Vestland fylkeskommune bli styrt politisk

FELLESNEMDA: Frå møtet i fellesnemda for samanslåing av dei to fylka.

FELLESNEMDA: Frå møtet i fellesnemda for samanslåing av dei to fylka. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Den nye Vestland fylkeskommune skal få eige finansutval. Det blir og vurdert og opprette planutval og likestillingsutval som del av politisk organisering.

DEL

(Firdaposten): Det skriv Fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar i ei pressemelding. Dei vedtok fredag den vidare politiske organiseringa av den nye fylkeskommunen som vil tre i kraft frå frå 1. januar 2020.

Frå før er det klart at fylkestinget er øvste politiske organ med fylkesutval som arbeidsutval. Fire faste hovudutval har og vore på plass: Samferdsel og mobilitet, opplæring og kompetanse, næring, naturressursar og innovasjon, og kultur, idrett og integrering. No har fellesnemnda fått det meste av politiske underutval, nemnder og råd på plass.

Lovpålagt

Sju av underutvala er lovpålagde. Desse utvala er kontrollutvalet, administrasjonsutvalet, råd for menneske med nedsett funksjonsevne, råd for eldre, ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for ungdom, klagenemnda og fylkesvalsstyre.

I tillegg opprettar fellesnemnda dei tre politiske organa finansutval, trafikktryggingsutval og valnemnd.

I løpet av våren skal fellesnemnda fastsetje delegering, mandat og samansetjing av yrkesopplæringsnemnd og fagskulestyre.

Fått nye oppdrag

Fellesnemnda har gitt prosjektleiar Rune Haugsdal i oppdrag å utarbeide framlegg til politisk delegeringsreglement til fellesnemnda. Arbeidet skal vere ferdig seinast første kvartal 2019 neste år. Framlegget skal legge rammene for alle politiske utval og råd, mellom anna samansetjing og representasjon, mandat og mynde til å ta avgjerd på vegne av fylkeskommunen. Reglementet inkluderer også talet på medlemer og delegering av mynde til fylkesutvalet og dei fire hovudutvala.

Haugsdal har også fått i oppdrag å legge fram forslag til eit konkret reglement for godtgjersle og arbeidsvilkår for folkevalde i Vestland fylkeskommune til møte i fellesnemnda 31. oktober.

Økonomisk ramme

Reglementet skal byggje på følgjande grunnprinsipp og hovudelement:

a) Dei samla økonomiske rammer for aktiviteten til folkevalde i Vestland fylkeskommune skal liggje

innanfor summen av ramma som Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har for

den folkevalde aktiviteten i dag. Dette omfattar mellom anna løn, møtegodtgjersle og kompensasjon for

tapt arbeidsforteneste.

b) Fellesnemnda vil vurdere det samla kostnadsbiletet knytt til aktiviteten til folkevalde på nytt

dersom oppgåvestrukturen for fylkeskommunane blir endra utover det som no er kjent.

c) Fylkesordførar, fylkesvaraordførar og dei fire hovudutvalsleiarane i Vestland fylkeskommune

skal ha godtgjersle tilsvarande heil stilling (100 prosent).

d) Leiaren for kontrollutvalet skal ha godtgjersle tilsvarande halv stilling (50 prosent).

e) Fellesnemnda legg, i tråd med vilkåra i dag for folkevalde i dei to fylkeskommunane, opp til ei differensiering i høve til rolla den enkelte folkevalde har som fylkestingsrepresentant, fylkesutvalsrepresentant, gruppeleiar og/eller andre sentrale roller.

Artikkeltags