Verdig farvel med strilekongen

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Familie, vener, kollegaer frå underhaldnings-Norge og eit fulltalleg pressekorps, møtte fram for å følgja Ivar Medaas på hans siste reis. Ei fullsett Meland kyrkje tok farvel med kysttrubaduren igår.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Ivar Medaas bort fredag 10. januar, 66 år gamal. I går vart han bisett i ein vakker og verdig seremoni i Meland kyrkje. I midtgangen låg kransane tett.

– Med sin lune replikk og felespel gleda han heile Norge. Han var heile landets Ivar Medaas, opna kapellan Åge Palmesen.

Han snakka om trubaduren, musikaren og humoristen Ivar Medaas. Strilen som sette strilelandet og strilekulturen på kartet. Han hadde eit stort talent som trakk i fleire retningar, og gav mellom anna dialekten og strilekulturen legitimitet i revylivet.

– Sjølvironien til Medaas var godt utvikla, og han greidde alltid å skapa ei god atmosfære rundt seg. Han var eit varmt medmenneske, ettertenksam, distre, men kunnskapsrik, fortalde kapellanen.

Medaas var også bondeson og odelsgut frå Alversund, og uendeleg stolt av heimbygda si.

– Sjølv om Ivar fekk slag og vart sitjande i rullestol dei siste åra, var han framleis midtpunktet, men no som ”sit down-komikar”, sa Palmesen.

Heidra med song

Han fortel vidare at med songen ”Dar kjem dampen” har Medaas gitt kystkulturen eit andlet, og er blitt kysttrubaduren for heile folket. Særleg vil han bli hugsa for sitt arbeid med båten Oster.

– Songen om gamle dampen er songen om ein som har lagt ut på siste reis, lik Medaas sjølv, avslutta Palmesen før forsamlinga stemte i den kjende songen som Ivar sette melodi til.

Kjærleg far

Sonen til Ivar Medaas, Nils, fortalte varmt om Ivar som pappa, og om nære opplevingar han har hatt med faren sin.

– Pappa var stolt av oss, og vi var stolt av pappa også, sjølv om han snakka nynorsk. Vi heldt godt på dialekten begge to, sa han spøkefullt.

– Dottera Yngvill Skogen Medaas fortalte om korleis ho og resten av familien kom nærare faren i sjukdomstida, då han stadig oftare roa ned og samla familien rundt kaffikoppen. Ho fortalte om faren si kjærleik til kona Kari, og kor fantastisk det var å sjå når dei samarbeidde på scena. Ho framheva også hans kjærleik til sjølivet.

– Mamma var det beste som hendte pappa, og ho støtta han gjennom 44 år, fortalte Yngvill.

– Eg er utruleg stolt av det han presterte som artist, og synest at han var utruleg dyktig, sa Yngvill før ho sa dei siste ord til faren på reisa og la ei einsleg rose på kista.

– Du var klok, ufatteleg snill, raus og roleg, sa

yngste dottera, Heidi. Ho las eit dikt til faren som ho hadde skrive sjølv.

Høgt verdsett

I kyrkja var det helsingar og krans både frå Nordhordland Veteranbåtlag og Noregs Mållag. Begge organisasjonane verdsette kulturpersonen høgt. Også NRK veteran Totto Osvold har hatt ei rekkje møte med Medaas i si karriere i NRK, og stadfesta at NRK-radio og TV har uendeleg mykje å takka Ivar Medaas for.

– Han var livleg, spøkande og varm, og vi gleda oss alltid til oppdraga med han. Han skapte glede i arbeidet for oss som arbeidde i NRK. Ivar Medaas var folkeleg, og med ein profesjonalitet som mange kunne læra av, sa Osvold i sin tale til trubaduren.

Kulturpersonen Ivar Medaas har hatt si siste reis, men songskattane hans vil leva vidare.

Dar gjekk dampen, gamle dampen. Far or triskona, far stilt!

Dar gjekk dampen, gamle dampen.

Å detta va syrgjele ilt.

Artikkeltags