Verdas første lysing-oppdrett

Artikkelen er over 14 år gammel

Verdas første oppdrett av fiskesorten lysing skal etablerast i Brekke. Lysing er ei delikatesse på Kontinentet. – Eit spennande prosjekt med stort potensiale, seier Harald Rune Takle (28), som er ein av sju medeigarar i MerluNor, som står bak pionerprosjektet i Gulen.

DEL

Lysing kan bli den store eksportvara frå Gulen. Denne fisken er delikatesse på dei finaste restaurantane på Kontinentet.

– Vi har kjempestor tru på at vi skal få det til, men litt sjansespel er det alltid når ein skal gå igang med noko nytt, seier Harald Rune Takle. Anlegget skal plasserast på bestefaren sin eigedom.

Oppdrettselskapet har sterke fagmiljø og Innovasjon Norge som viktige medspelarar. – Økonomisk satsing og oppfølging frå Innovasjon Norge var ein viktig faktor for å kunna gå igang, seier Takle. Den økonomiske ramma er på ti millionar kroner.

Selskapet har fått grønt lys frå Fiskeridepartementet, og til våren reknar Takle med at bygginga av klekkeriet vil koma igang. Først skal klekkeriet i drift, og seinare kjem merdanlegg for matfisk-produksjon.

– Filosofien vår er at vi skal skunda oss langsomt, seier Takle.

Ufisk i Norge

Lysingen smakar som ei blanding av steinbit og breiflabb. Fisken er delikatesse både i Frankrike, Italia, Portugal og Spania, men her på berget blir han meir rekna som ein ufisk.

– Men vi kan jo etter kvart også håpa at det kan bli ein norsk marknad for denne fisken, seier Takle, som legg til at lysing blir betre betalt enn laks.

Ambisjonane er at klekkeriet i Brekke skal kunna produsera yngel også til fleire enn sitt eige matfisk-anlegg.

Det ligg fleire marine matfisk-konsesjonar brakk rundt langs kysten, og Takle veit om fleire som er interessert i gå igang med oppdrett av lysing dersom det kan skaffast yngel.

Artikkeltags