Varslar storm med orkan i kasta

Torsdag kveld kan vindkast med orkan styrke gjere skade.

Torsdag kveld kan vindkast med orkan styrke gjere skade. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– At det fyk noko takstein er nesten ikkje til å unngå.

DEL

Eit hissig lågtrykk vil gje kraftig vind frå sør torsdag kveld, varslar vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Frode Hassel.

Ikkje nok med det. Regnet vil også komme i rause mengder, og lågtrykka står i kø.

Første lågtrykksfront passerte tidleg onsdag, først med snø onsdag morgon og deretter med stigande temperaturar utover dagen.

Onsdag kveld kjem eit nytt vêrsystem innover landet som på somme stader vil gje store mengder nedbør. Verst er det venta å verte i Sunnhordland og Rogaland, men også i Nordhordland er det venta nedbørsmengder på opp til 50–60 millimeter på relativt kort tid.

– Det kan verte overfløymingar når det kjem så mykje på kort tid, men det er først og fremst lenger sør, der det allereie har gått ut eit flaumvarsel. Vi har auka overvakinga, og om det viser seg at det ligg an til å komme endå meir kan det verke aktuelt med eit ekstremvarsel, seier Hassel.

Kan fyke takstein

Det som kan verte meir krevjande enn regnet, er vinden. I løpet av torsdag er det venta auka temperaturstiging til 8–10 grader, og utover kvelden kjem eit nytt, hissig lågtrykk inn over system med kraftig vind frå sør.

Ein periode kan det verte full storm, med kast opp til 40 m/s innover land. Alt over 32,4 m/s er rekna som orkan.

– Slike vindstyrkar går litt ut over store flate tak som på industribygningar, og takstein kan fyke frå andre hus. Det er ikkje sikkert det blir så heftig over store område, men at det fyk noko takstein er nesten ikkje til å unngå, seier Hassel.

Lågtrykket har vingla noko, så nøyaktig kvar det vil treffe er uvisst. Difor vert uvêret overvaka tett. Trøysta er at stormen ligg an til å verte kortvarig. Etter 4–6 timar er det verste truleg over.

Ikkje noka godvêrshelg

Fredag blir det ein ny runde med vind, truleg frå ein sørvestleg retning.

– Det kan verte skarpt med vind den dagen også, med byer av regn og hagl, snø i høgare strøk. Det ser ut til å halde fram laurdagen. Seinare i helga ligg det an til å bli litt betre, men noko godvêrshelg vert det nok ikkje, slår Hassel fast.

Artikkeltags