Nordhordlandsbåten tilbake i normal drift

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Måndag har Nordhordlandsbåten ikkje kunne legge til ved Knarvik kai på grunn av kraftig vind.

Klokka tre melder Norled at båten igjen kan legge til, og at rutene dermed skal gå som normalt resten av ettermiddagen og kvelden.

Det har også vore problem med tre som har falle over vegen fleire stader i Nordhordland, men i tre-tida kjenner Vegtrafikksentralen ikkje til at tre sperrar vegen nokon stad i området.

Ifølgje vêrmeldinga skal vinden løye utover kvelden måndag, så det vinden kan framleis by på utfordringar nokre timar til.

Artikkeltags