Knarvik kai og fleire vegar stengde på grunn av vind

Artikkelen er over 1 år gammel

Skyssbåten kan ikkje legge til i Knarvik på grunn av kraftig vind.

DEL

Kraftig vind skaper problem fleire stader i Nordhordland, både på land og på sjøen.

Nordhordlandsruta kan ikkje legge til kai ved Knarvik på grunn av kraftig vind, melder Norled. Ved Bergen og Frekhaug kan skyssbåten legge til som normalt.

Fleire tre over vegen

Fleire stader har tre lagt seg over vegen i den kraftige vinden.

Ifølge Vegtrafikksentralen ligg fleire grantre over vegen mellom Moldekleiv og Meland kyrkje. Det er uklart ut frå vegtrafikksentralen nøyaktig kvar desse trea ligg.

Det som er sikkert, er at ryddemannskap skal ta fatt på jobben med å fjerne trea og opne vegen for trafikk så snart det lysnar.

Det ligg også tre over vegen mellom Fløksand og Ryland i Meland.

På Radøy vart det varsla om tre over vegen mellom Manger og Marås i sekstida. Klokka 0626 har vegtrafikksentralen fått melding om at dette treet er fjerna.

På Rosslandsvegen mellom Steinberget og Ryland ligg eit tre uti vegen og dekker halve vegbana. Det er passasje på staden.

Ferja innstilt

Vinden fører også til at ferjesambandet mellom Fedje og Sævrøy var innstilt måndag morgon. Norled melder at dei vil forsøke å starte opp att ferjesambandet frå klokka 0920. Klokka 1040 er ferja tilbake i normalt gjenge.

Ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg var innstilt tidleg måndag morgon, men frå avgangen klokka 0750 frå Sløvåg har sambandet gått som normalt.

Vêrmeldingane til no tyder på at vinden ikkje vil løye før mot kvelden.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags