Vêrmeldinga skal bli betre

Regjeringa løyver 12 millioner kroner til Meteorologisk institutt. Det skal gi betre varsling av ekstremvêr.

Regjeringa løyver 12 millioner kroner til Meteorologisk institutt. Det skal gi betre varsling av ekstremvêr. Foto:

Av

Meteorologisk institutt får 12 millionar kroner til sikre stabil drift av vêrstasjonane sine. Det skal gi betre varsling av ekstremvêr.

DEL

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2020 å auke løyvingane til Meteorologisk institutt med 12 millionar kroner. Pengane skal mellom anna brukast til å fornye vêrradarar og -stasjonar.

Instituttet eig og driv manuelle og automatiske vêrstasjonar og radiosondestasjonar, vêrradarar, nettverk av lynsensorar, havstraumradarar, bøyer og sensorar på skip.

Tilgang på vêrobservasjonar er nødvendig for at meteorologane kan lage vêrvarsel og farevarsel.

For å få til det trengst det meir pengar til drift, vedlikehald og fornying av vêrstasjonane. Regjeringa peikar i budsjettforslaget på at det er ei utfordring for økonomien til instituttet, og at instituttet må prioritere hardt mellom ulike driftsoppgåver og investeringsbehov.

Artikkeltags