Ventar storm og store nedbørsmengder: – Det blir ille, seier meteorologen

Det er

Det er Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Som om ikkje dei store nedbørsmengdene var nok, er det no også storm på veg mot Vestlandet.

DEL

– Det blir ille, det blir det, seier meteorolog Bjart Eriksen ved Meteorologisk institutt til Bergensavisen.

I løpet av tysdag og onsdag vil nedbøren auke på i vest.

– Det er store forskjellar på kor mykje nedbør som kjem dei ulike plassane. Mest utsett er indre strøk og fjellet, forklarar meteorologen.

Her er det venta så mykje som 300 millimeter nedbør enkelte stader frå tysdag til torsdag.

Ventar storm på kysten

Når lågtrykket som ber med seg alt regnet har passert, ventar eit nytt like i bakkant. Det er venta å treffe torsdag og gir ei kraftig vindauke.

– Dette vil bli best merka langs kysten, men også her er det usikkerheit i prognosane. Det blir storm, men kor sterk stormen blir er uavklart. Vi kan få liten storm, full storm eller sterk storm. Dei tre har store forskjellar i kva konsekvensar og skadegrad dei medfører, forklarar meteorologen.

Han påpeikar uansett at dette ikkje er dagen for å legge ut til havs eller på fjelltur.

– Eg ville nok unngått akkurat det, seier Eriksen.

Varslar flaum- og skredfare

NVE har gått ut med flaumvarsel på oransje nivå og stor snøskredfare for Vestlandet.

– Det kan bli verre enn dei to siste flaumane, seier NVE-direktør.

Oransje nivå er det nest høgste farenivået på flaumvarsel frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og det skildrar ein alvorleg situasjon med sannsyn for alvorlege skader.

– Frå i morgon kan vi få ein alvorleg flaum- og skredsituasjon i Hordaland og Rogaland. Viss nedbørsprognosane slår til, kan dette blir verre enn dei to siste flaumane i same område, seier direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, Anne Britt Leifseth, måndag kveld.

Ekstremvêret Synne førte til store flaumskadar i 2015, særleg i Egersund. Flaumen for tre år sidan førte blant anna til store skadar i Odda.

Flaumvarselet gjeld også Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, som vil merke den kraftige nedbøren. Situasjonen blir forverra av at relativt høge temperaturar sørger for kraftig snøsmelting i tillegg til den kraftige nedbøren.

Vêret medfører også stor fare for jord- og sørpeskred. Med gjeldande prognose er sørlege delar av Vestlandet mest utsett på tysdag. Onsdag og torsdag kan deler av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal også vere utsett. Faren for jord-, sørpe- og flaumskred aukar spesielt tysdag ettermiddag, heiter det i varselet frå NVE, som også åtvarar om at nokre vegstrekningar kan vere utsett for ras.

– Ingen ny nedbørsrekord

Like vått blir det ikkje i Bergen by, skal vi tru meteorologen.

– Vel, det blir ikkje ny nedbørsrekord i Bergen, for å sei det sånn, svarar den blide sørlendingen på telefon.

Han understrekar likevel at også der blir det vått.

– Langs kysten og i dei store byene vil eg estimere at det kan komme rundt 100 millimeter. Også her med lokale forskjellar, seier Eriksen.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken