Store temperaturskilnader: Opp 15 grader på kort tid

Temperaturane har gjort eit skikkeleg byks. Dette er årsaka.

DEL

Vervarslinga har lagt ut ein oversikt som viser dei oppsiktsvekkande høge temperaturane på Vestlandet frå i går kveld til i dag morgon.

I Bergen var makstemperaturen 9,5 grader mellom klokka 2000 og 0800 frå tirsdag til onsdag.

– Enkelte stader har temperaturane gått opp 15 grader på kort tid. Dette er helst i indre strok, seier statsmeteorolog Martin Granerød til BA.

Dei som var så uheldige og tok flyet frå Bergen til Oslo onsdag morgon, fekk nok eit lite kuldesjokk.

– Temperaturskilnaden mellom Gardermoen og Flesland var på rundt 20 grader, seier han.

– Kva er det som går føre seg?

– Det ligg eit høytrykk aust for oss og eit lågtrykk langt vest for oss, forklarar han.

Fare for dårleg luft

Luftmassar vert transportert i retning vest. Dette fører til kraftig vind i fjellet, stengde fjellovergangar og kolonnekøyring.

– Lufta tørkar ut over fjellet. Med mindre fuktigheit, stig temperaturen når lufta er på veg nedover igjen. Den varmast opp 1 grad for kvar 100 meter den synker. Dette kallast fønvind-effekten, seier han.

Dette er altså årsaka til at det er mildt og herleg på Vestlandet.

– Vinden vil minke litt utover dagen. Då vil temperaturene gjere det same. Vinden slår ikkje skikkeleg ned i Bergen. Det er høge verdiar av PM10 (svevestøv, red.anm.) på Danmarks plass onsdag morgon. Det kan bli høg luftforureining i rushet seinare i dag også. Men det er forventa ein del vind, seier Granerød.

Det kan komme noko nedbør i løpet av kvelden.

– Onsdag blir nok den varmaste dagen. Det vil bli fint på fredag og lørdag. Frå søndag kan det komme noko nedbør.

Artikkeltags