Draumen om kvit jul svinn

Drøymer du om snø til jul må du til fjells. Her frå Stordalen førre vinter.

Drøymer du om snø til jul må du til fjells. Her frå Stordalen førre vinter. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Foreløpig ser det ganske håplaust ut for Bergen med tanke på ei kvit jul, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg til BA.

DEL

– Temperaturen vil stige rundt vesle julaftan, og då vil det nok bli regn i ytre strøk og i Bergen både vesle julaftan, julaftan og inn i romjula, seier Selberg og legger trøstende til:

– Men det er framleis eit ørlite håp for værskifte i Bergen, seier han til BA.

Mild og våt julaftan

For ei kvit jul anbefaler Selberg å dra til fjells.

– Det er større sjanse for snø inne i landet og i høgare strøk. Ein treng ikkje dra lenger enn til Voss for å få ei kvit jul. Det er ein del snø i fjella no, så i høgare strøk som Myrkdalen blir det nok strålande skiføre. Eg er sjølv frå Voss og skal feire der for ei meir eller mindre garantert kvit jul, seier meteorologen ved Vêrvarslinga på Vestlandet med eit smil.

Dessverre er meteorolog ved Storm, Cecilie Villanger, einig med sin kollega.

– Jula i Bergen blir våt og mild. I dag er det sju grader på Sotra og tre i Bergen. Tysdag og onsdag kan temperaturane komme heilt opp i åtte grader, mens det søkk litt onsdag kveld til torsdag. Det vil framleis vere plussgrader, men berre éin til to, før det stig igjen til seks-sju grader til julehelga, seier Villanger til BA.

Vi må forvente 30–40 millimeter nedbør i form av regn gjennom veka.

– Det kan bli kortvarige periodar med sludd før helga, men det kjem ikkje til å legge seg meir snø i låglandet før jul. Ein må opp og inn i landet for å få kvit jul. Det blir truleg både regn og sludd på Kvamskogen, seier Villanger.

Detaljane for julaftan tør ho ikkje slå fast enno, men lågtrykk frå vest med milde luftmassar betyr regn for Bergen sin del.

30 prosent sjanse

Trudde du at det dei siste tiåra vanlegvis var snø i Bergen, må du tru om igjen, ifølge statistikar Lillian Kalve:

– Basert på tal frå dei siste 40 åra er det generelt 30 prosent sjanse for snø på julaftan i Bergen. Dessverre ser det ikkje så bra ut for denne jula, der det foreløpig er venta regn. 

Kartet som er utarbeidd av Meteorologisk institutt, viser derimot at Oslo har hele 70 prosent sjanse for snø på julaftan, mens det i Stavanger er endå mindre sannsyn for ei kvit jul med berre 25 prosent. 

Artikkeltags