Spent på om det blir snø julaftan? Slik blir julevêret

Er du blant dei som håpar på ei kvit jul? Då kan du fort bli skuffa.

DEL

(BA): – Det vil bli ein våt og relativt mild start på jula for bergensarane, seier meteorolog Tone Christine Thaule, ved Meteorologisk institutt.

For sjølve julaftan har dei ei prognose som minner lite om ein kvit og snørik dag.

– Det ser ut til at vi på julaftan får skiftande bris og opphaldsvêr, men det er venta nedbør og vindauke utover ettermiddagen frå nordvest, og det kan då blåse opp i liten kuling.

Skuffande skiforhold

Meteorologen fortel at temperaturen vil variere frå 1 til 6 grader på julaftan i Bergen, og at sola vil utebli til fordel for regn. Dermed må ein langt av garde for å finne skiforhold.

– Snøgrensa vil ligge på 800 til 1000 meter over havet.

Dermed vil skitrekk som Eikedalen og Myrkdalen, få regn og ikkje snø som nedbør.

– Det er ikkje sagt at det vil regne så mykje at snøen forsvinn i desse områda, men det vil ikkje vere noko hyggeleg vêr å stå på ski i, seier Thaule.

Sol i vente

Thaule melder om betring 1. juledag.

– Tysdag 25. desember vil det bli oppholdsvêr og sol med temperatur på rundt 6–7 grader.

Denne dagen meiner meteorologen ein må utnytte, for til dei som skal ut på fest 2. juledag er det venta langt dårlegare vêr.

– Natt til onsdag 2. juledag vil det komme nedbør og blåse opp til liten kuling på kysten. Onsdagen vil ha milde temperaturar på rundt 6 grader, men her gjeld det å kle seg for nedbør.

– Kva synest du om desse prognosane for julevêret?

– Det er typisk med lågtrykk, nedbør og vind på denne tiden av året, så overraskande er det ikkje. Dessutan er ein mykje inne med familien i romjulsdagane, så det vil ikkje plage meg særleg.

Artikkeltags