– No blir det grumsete vêr, men kryss likevel fingrane

– På torsdag kan vi sjå teikn til betring. Då kan vi få sol. Og blir slik det ser ut no, kan det vere vi går inn i ein ganske så bra periode, seier meteorologen.

– På torsdag kan vi sjå teikn til betring. Då kan vi få sol. Og blir slik det ser ut no, kan det vere vi går inn i ein ganske så bra periode, seier meteorologen. Foto:

Av

Veka byrjer grått og vått, men så ser det ut som det skjer noko.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Etter ei fin helg i vest, har vi nokre dårlegare dagar i vente no, seier meteorolog Gunnar Livik ved Vervarslinga på Vestlandet til Bergensavisen søndag.

Søndag er det skya over, men framleis er det tørt på bakken.

– Det er nedbør på veg. Vinden gjer at det foreløpig ikkje har treft bakken, men det er venta nedbør som sludd og snø i løpet av dagen, seier Livik.

Og sånn går vi altså inn i den neste veka.

Mandag skal temperaturane stige og det betyr at nedbøren kjem som regn.

– Vi vil få snø på cirka 400 meter, seier meteorologen.

Lågtrykk i kø

Vinden kan komme opp i stiv kuling på kysten.

– Det blir litt meir grumsete enn vi har hatt det i helga, ja. Bygevêret vil halde fram til tysdag ettermiddag, då det vil avta, seier Livik.

Men allereie onsdag er det på an igjen.

– Ja, då kjem det inn eit nytt system med nedbør og vind.

Men det er det som ser ut til å skje etterpå, som er det spennande.

– Kan få ein bra periode

– På torsdag kan vi sjå teikn til betring. Då kan vi få sol. Og blir slik det ser ut no, kan det vere vi går inn i ein ganske så bra periode, seier meteorologen.

Han understrekar likevel at det ligg ei viss grad av usikkerheit i varselet enno.

– Det er litt vanskelege forhold å vurdere frå dag til dag no. Vi har svake lågtrykk som gjer det vanskeleg å sjå akkurat kor og når dei treff, forklarar Livik, men meiner det likevel er lov å krysse fingrane for meir godver snart.

Artikkeltags