170 masfjordingar er straumlause

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Torsdag kveld førte ekstremvêret «Aina» til straumbrot i Gulen, men her kom straumen tilbake i løpet av kvelden.

Fredag morgon er fleire masfjordingar straumlause to stader i Stordalen. Ein av stadene Ifølge BKK oppstod feilen klokka 07.30, og den er venta å vere utbetra klokka 10.30. Denne feilen rammar ifølge BKK 168 kundar. Ein annan feil rammar tre kundar, og denne er venta utbetra klokka 12.00.

Fv. 92 ved Stordalsstølen på grensa til Sogn og Fjordane er også stengd grunna uvêr. Ved Steinsland på fv. 345 er også vegen stengd grunna snøras.

Torsdag sende BKK ut tekstmeldingar til husstandar på Vestlandet der dei åtvarar om at kraftig vind, lyn og torevêr fører til straumbrot.

Aina har også laga problem for fleire ferjesamband fredag.

Dei oppfordrar folk til å finne fram lommelykt med fulle batteri og stearinlys i tilfelle straumen går. Dei rår også kundar til å lade opp mobilen.

BKK forsikrar på sine nettsider om at dei er i beredskap. Dei har ekstra montørar på jobb og held kundesenteret ope utover kvelden og natta. Dei følger vêrutviklinga tett.

  • Har du tips til oss i forbindelse med uvêret? Kontakt oss på vår vakttelefon 916 20 916 eller send epost til redaksjonen@nordhordland.no. Du kan også skrive tekstmelding NHTIPS til 2005.

Artikkeltags