No kjem vinter-uvêret

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Har du ikkje allereie festet hagemøblane og sikra trampolina, kan det vere lurt å gjere det no, skriv Bergensavisen tysdag kveld.

– Onsdag kveld aukar vinden kraftig på. Rundt Stadt kan det komme opp i full storm. På kysten av Hordaland er det snakk om ei auke til stiv kuling onsdag ettermiddag og opp i sterk kuling frå sørleg retning på kvelden, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes, til BA.

Onsdag blir det litt regn først på dagen, deretter går det over til regnbyer og forbigåande opphaldsvêr på kvelden. Deretter aukar nedbøren igjen natt til torsdag.

Snø på toppane

– Det kan komme ganske mykje nedbør lokalt enkelte stader i Hordaland torsdag. Det vil også bli kaldare, og snøgrensa torsdag kveld kan komme heilt ned i 400 meter, seier Moxnes.

Det betyr at det kan bli kvitt på Ulriken og de andre høge toppane rundt Bergen.

– Temperaturane vil falle i Bergen, frå sju-åtte grader onsdag, via fire til seks grader torsdag og vidare endå eit par grader fredag. Det blir nokre kjølige dagar nå, seier statsmeteorologen.

Nedbøren held fram fredag, før det ser ut til å bli litt betre utover laurdag og søndag.

– Vinden dreier mot nord-nordvest til helga. Søndag kan det bli opphald og fint, seier Moxnes.

Artikkeltags