Vann fylkesfinale i sykling

VINNAR: Hans Olav Lofstad tok sigeren i fylkesfinalen i sykling for 7. klassingar, medan Caroline Spurkeland blei slått ut i klassen for jenter. ¿ Kjekt å delta, synes dei to seimarane, som syklar til skulen kvar dag.

VINNAR: Hans Olav Lofstad tok sigeren i fylkesfinalen i sykling for 7. klassingar, medan Caroline Spurkeland blei slått ut i klassen for jenter. ¿ Kjekt å delta, synes dei to seimarane, som syklar til skulen kvar dag. Foto:

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Hans Olav Lofstad og Caroline Spurkeland frå Seim deltok torsdag i fylkesfinalen i sykling for 7. klassingar.

DEL

Hans Olav tok like godt førsteplassen blant gutane, og premien var ein flunkande ny sykkel, med alt utstyr i orden.

- Eg håpa i beste fall på ein femteplass eller noko, og trudde det nesten ikkje då namnet mitt blei lest opp som nummer ein, seier den beskjedne 7. klassingen med eit smil. Den nye blå sykkelen er allereie tatt i bruk, og står og skin mellom dei andre i sykkelrampa på skulen.

- Det var sjølvsagt veldig kjekt å vinna, og premien er jo kjempeflott, seier Hans Olav, og siktar til den nye sykkelen, hjelm, sykkel-computer og sykkelransel. Caroline Spurkeland nådde ikkje heilt til topps i jenteklassen, men ho synes likevel det var kjekt å delta.

- Vi hadde fleire teoriprøver under konkurransen og kvalifiseringa, og sjølv om eg ikkje lærte så mykje nytt, så tenkjer eg meir over det no enn før, seier den blide jenta.

Vanskeleg

Før 7. klassingane kom til fylkesfinalen, måtte dei gjennom ei rekkje prøver på skulen. Hans Olav og Caroline var dei einaste som hadde alt rett på dei 48 spørsmåla i teoriprøva, og i tillegg gjorde dei det svært bra på dei praktiske prøvene.

- Dei praktiske prøvene som vi fekk i fylkesfinalen var mykje meir vanskeleg, men det gjekk då bra likevel, seier ein smilande Hans Olav. Både han og Caroline syklar til skulen kvar dag, og bruker sykkelen ein del på fritida også.

Viktig å ha utstyret i orden

Dei to sjuandeklassingane synes det er viktig å fokusera på tryggleik når ein syklar til og frå skulen.

- Det er viktig å ha utstyret i orden, som hjelm, lys, refleks, og gode bremser. Men ein skal også kunne trafikkreglane når ein syklar på vegen, og eg trur vi har lært endå meir kor viktig det er, seier Caroline Spurkeland.

I alt 54 deltakarar frå heile Hordaland var med i kampen om å bli kåra til beste syklist i fylket. Det var Trygg Trafikk som stod for arrangementet, saman med Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund, Bergen Parkering, Gjensidige forsikring, Hordaland politidistrikt, MA, NAF, Sykkelsenteret og frivillige.

Artikkeltags