Gå til sidens hovedinnhold

Senterpartiet vil ha folk til å koma seg opp av sofaen og ut på tur: – Ikkje mykje som skal til

Artikkelen er over 5 år gammel

Alexander Fosse Andersen har sat seg mål om å gå ein tur i kvar kommune under valkampen. Lørdag gjekk han til Peprane og Grønfjellet saman med Jon Askeland. – Eg håper vi kan motivera andre.

Det seier Andersen, som er Senterpartiet sin femtekandidat på fylkestinglista.

Målet om å gå éin tur i kvar av Hordalands 33 kommunar som ein del av valkampen, er godt i gong. Turen opp Grønfjellet lørdag var nummer 22. Søndag gjekk han tur nummer 23 og 24 – i Austrheim og på Fedje.

– Det er veldig fint her i Nordhordland, det freistar å gå fleire turar her i distriktet.

Eit forbilde

Senterpartiet i Hordaland fokuserer i fylkesprogrammet på folkehelse, tur og friluftsliv, som ein aktivitet dei vil styrka oppunder.

– Vi vil slå eit slag for tur og friluftsliv, og vera eit forbilde og motivasjon for andre. I ein valkamp er det lett å verta ivrig, og berre fortelja i veg om alt mogleg – ein gløymer fort det nære og støttande. Ein må ikkje gløyma oppmuntringseffekta i valkampen, seier Andersen.

Ei halvtime er nok

Kun kvar femte nordmann tilfredsstiller Helsedirektoratet sitt daglege råd om fysisk aktivitet i 30 minutt.

– Det er ikkje så mykje som skal til, ei halvtime er meir enn nok. Den store kampen er for mange berre det å koma seg opp frå sofaen, og stoppa stillesitting, seier ordførar på Radøy, Jon Askeland.

LES OGSÅ: Om tre månader skal det vera jordbruksland her

Enkle turstiar

Askeland meiner enkle turstiar kan gjera det lettare for folk å koma seg ut i naturen.

– Ikkje alle føler seg vel på eit treningssenter, og viss ein har enkle turstiar nær jobb eller heim, vert det enklare å vera i fysisk aktivitet, meiner han.

LES OGSÅ: Sprek opning av friluftslivets år

Betre skilting

Senterpartiet ønsker at turløyper skal vera lett tilgjengeleg for folk, og vil også auka potten som er sett av til mellom anna merking av turløyper og idrettsanlegg.

– Å skilta betre i vegbana gjer at det vert lettare å finne fram til starten på ein tursti, ikkje bere for dei lokale, men også for turistar, seier Andersen, som meiner det hadde vore ein fordel med eit skilt med info om området i starten av ein løype.

– Det er kjekt for folk å lesa om den kulturhistoriske verdien der ein går, meiner politikaren.

– Gode skilt undervegs i løypa er også viktig, og mange stader i Hordaland har ein begynt å merka løypene etter kor lang den er, noko eg synest er bra. Men desse skilta treng etterkvart oppgradering i form av mellom anna måling, det ønskjer vi i Senterpariet å gjera noko med, seier Andersen.

Kommentarer til denne saken