Trude Brosvik (KrF) satsar for fullt på fylkespolitikken.

– Det er viktig for ein kommune å ha ein av sine på fylkestinget, uavhengig av parti, seier ho og legg til at ho som ordførar i Gulen fekk gode tips frå Sp-politikar Asbjørn Lihaug som då sat i Sogn og Fjordane fylkesting.

– Sjølv om eg er KrF sin toppkandidat, er eg ikkje sikra plass. Det kan fort vera ein aksjon som vippar meg vekk. Det har skjedd før, seier ho.

For Brosvik er dei viktigaste sakene å behalda Hordalandsavtalen og få Gulatinget opp og fram.

– Dei sakene har eg stått på for i mange år, og der har eg stort truverd, seier ho og legg til at det gjeld å bygga alliansar.

– Det har vi gjort i begge fylka, særleg i forhold til Hordalandsavtalen, seier politikaren som ser fram til at regjeringa kjem med eit forslag der ein kan velja på tvers av fylkesgrensa.

KrF går på val på ein region som omfattar Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal.

– Sogn og Fjordane har vore pådrivar i Vestlandsrådet for å få tatt nabopraten og laga utgreiing på ein Vestlandsregion. No har vi fått brev der kommunalministeren ber oss gjera det, seier ho.

På spørsmål om kvifor ho no vel vekk kommunepolitikken, seier Trude Brosvik at det er krevjande å vera på to nivå, og at ho har vore lenge i kommunestyret.

– Engasjementet er der framleis, men kanskje mest rundt møta. Så både for min eigen del, men og for å gje plass til nye om vi ikkje skal døy på rot, så fann eg det rett å velja eine plassen. Og då vart det fylket etter veldig mange år i eit eller anna styre i Gulen, seier ho.