Gå til sidens hovedinnhold

Vil ha el-ferje på Fensfjorden: – Reduserer utslepp

Artikkelen er over 5 år gammel

Høgres fylkesordførarkandidat Tom-Christer Nilsen vil ha el-ferje på strekninga Leirvåg-Sløvåg. – Med el-ferje vert det hyppigare avgangar.

Tom-Christer Nilsen viser til ein fersk rapport frå Siemens og Bellona, som har sett på moglegheita med å bytta ut fleire ferjestrekningar i Hordaland med el-ferjer. Nilsen meiner ein av strekningane som er høgst aktuell er Leirvåg-Sløvåg.

– Leirvåg-Sløvåg er ein av dei ferjestrekningane som ligg veldig godt til rette for dette, seier Nilsen.

– Den store fordelen med el-ferje er at ein reduserer utslepp til klima og lokalt miljø. I Hordaland er det totalt 17 ferjer, og desse slepp ut like mykje forureining som 1200 bussar, seier Nilsen.

Økonomisk gevinst

Nilsen meiner det i tillegg til å redusera utslepp, vert ein økonomisk gevinst ved å byta ut den noverande dieselferja, med el-ferje.

– Elektriske ferjer har lågare driftskostnadar enn dieselferjer, og det vil over tid vera billigare å ha ein el-ferje i drift, seier Høgrepolitikaren.

Nilsen fortel at dei no skal ut med anbod på dei aktuelle ferjestrekningane, deriblant sambandet Leirvåg-Sløvåg. Om Nilsen får det som han ønsker, vert det el-ferje i løpet av 2018.

Fleire ferjeavgangar

– Vert det hyppigare avgangar med ein slik løysning?

– Ein av betingelsane våre er at regulariteten vert minst like god som den er i dag – og at ferja går når den skal. No har vi to år på testa ut teknologien, og innan 2018 veit vi om dette er godt nok. Viss rapporten er riktig, vil det verta fleire avgangar med ei el-ferje – det er målet, seier Nilsen.

LES OGSÅ: Opna ny ladepunkt for el-bil i Austrheim

Lading for elbilar

Nilsen meiner det er fleire årsaker til at el-ferje er ei god løysing.

– Ferjene i Hordaland har ei gjennomsnittsalder på 27 år. Dei er gamle, er lite miljøvennlege og er ikkje tilpassa dagens krav. Dei nye el-ferjande vil vera tilpassa dagens krav, slik at rullestolbrukarar kjem seg lettare av og på ferja, og inn til salongen.

På sikt vil han få lagt inn ladepunkt for elbilar.

– Då kan ein kan korta ned strekninga, ved å hurtiglada om bord, seier han.

Kommentarer til denne saken