Ekstra sponsormidlar og kommunalt lån redda Utkant

SUKSESS: Utkant-festivalen har vore ein musikalsk suksess, men men arrangørane har slite tungt økonomisk. Bildet er frå festivalen i 2016

SUKSESS: Utkant-festivalen har vore ein musikalsk suksess, men men arrangørane har slite tungt økonomisk. Bildet er frå festivalen i 2016 Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ekstra sponsormidlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane og lån frå Gulen kommune gjorde det mogleg å satse vidare på Utkant-festivalen.

DEL

Det er ikkje tvil om at festivalsuksessen i Skjerjehamn har kosta. 2016-rekneskapen for stiftinga som driv festivalen, Stiftinga Utkant, viser at eigenkapitalen var på minus 1,5 millionar kroner ved utgangen av året. Driftsrekneskapen viser eit underskot på 484.000 kroner, melder Firda.

Festivalsjef utan lønn

– Sponsormidlane og lånet frå kommunen var viktige bidrag i prosessen der vi måtte avgjere om det var mogleg å drive festivalen vidare. Men også styret og festivalleiinga har gitt sine bidrag, seier festivalsjef Viggo Randal.

Han har takka nei til lønn, og både han og styret har kausjonert for lån.

– Vi har nok tøygd strikken så langt vi er komfortable med, seier Randal, utan å ville gå ut med konkrete tal.

Saka held fram under bildet.

Viggo Randal, Utkant-sjefen

Viggo Randal, Utkant-sjefen Foto:

Han legg ikkje skjul på at utgiftene til festivalen har vore for høge, og i fjor vart kostnadene kutta med over 1,5 millionar samanlikna med året før. Det var likevel ikkje nok til å sikre overskot, men kostnadsreduksjon var mantra også til årets festival, og resultatet har ikkje uteblitt.

Overskot i 2017

I styret si årsmelding kjem det fram at prognosane for 2017 viser eit overskot på 520.000 kroner, samstundes er likviditeten i stiftinga er betra med 890.000 kroner. Den festivalen hadde rundt 12.000 besøk

– Er dette eit signal om at de er over den økonomiske kneiken?

– Vi må framleis ha eit veldig fokus på inntekter og kostnadskontroll, men vi er i ein heilt annan situasjon enn for eitt år sidan. No føler eg vi har god kontroll med tanke på vidare drift, og har fått til ei løysing som fungerer, seier Randal.

Han legg ikkje skjul på at dei har gjort ting som var meir kostbart enn inntektsbringande, mellom anna drifting av båtar som gjekk med solide underskot. Ein annan del av spareprosessen var å kutte onsdag som festivaldag, eit grep som vart gjort i 2016, og gav viktige kostnadskutt.

Skånar musikkprogrammet frå kutt

– No har vi skrella vekk det som kan skrellast utan at det går på kostnad av sjølve festivalen, seier Randal.

– Vil trong økonomi påverke årets festival?

– Musikkprogrammet er det einaste som vi har skåna frå sparekniven, vi legg opp til ein festival eg trur publikum. Vi har berre trimma vekk det unødvendige, og publikum vil ikkje merke noko, seier festivalsjef Viggo Randal.

Artikkeltags