Ungdommen i Austrheim får skryt frå politi og klubbleiarane

LEGG NED RADØYKONTORET: - Vi vil bruka meir ressursar på ungdom som får problem, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

LEGG NED RADØYKONTORET: - Vi vil bruka meir ressursar på ungdom som får problem, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

Artikkelen er over 5 år gammel

AUSTRHEIM: Onsdag vart det arrangert temakveld for foreldra til Austrheimugdomen. – Det er mindre tull og tøys enn før.

DEL

Det seier lensmann Kjell Idar Vangberg og politioverbetjent Svein Arne Hatlevik.

På temakvelden som vart arrangert i regi av Familiekontoret onsdag kveld kom i tillegg til dei to frå Nordhordland lensmannsdistrikt, spesialpsykolog Erik Iversen, ungdomskoordinator Anita Soltveit og klubbleiar for Austrheim Ungdomsklubb, Heidi Pedersen Sylta. Dei var alle av same oppfatning; ungdommen i Austrheim er fornuftig og snille.

Høgare debutalder

Vangberg og Hatlevik er glade for å sjå at det førebyggjande arbeidet politiet har mykje fokus på, gir resultat.

– Debutalderen for å drikka alkohol er mykje høgare enn den var for nokre år sidan. Det er positiv og gledeleg at det går den vegen, seier Vangberg.

LES OGSÅ: «– Det er kultur for å leika litt med bilane sine her ute, i form av spinning og drifting, men kappkøyring driv vi ikkje med»

Han meiner denne utviklinga er spesielt positiv i forhold til framtidig rusmisbruk.

– Dess seinare ein ungdom begynner å drikka alkohol, dess lågare er sannsynlegheita for at han eller ho vert rusmisbruker, seier han.

Men Vangberg trur ikkje det berre er jobben politiet gjer, som er årsaka til denne positive utviklinga.

– Austrheim ungdomsklubb gjer ein bra og utruleg viktig jobb, noko dei fortener ein stor applaus for. Dei to som jobbar der bryr seg verkeleg om ungdommane, og gir dei ein stad å vera, som er rusfritt, seier han.

– Dei er trygg hjå oss

Anita Soltveit og Heidi P. Sylta, har heller ikkje mykje negativt å seia om ungdommen.

– Det er mindre slåssing, drikking og narkotika enn før. Vi kjenner ungdommane som fornuftige og snille. Dette kan vi seia med tryggleik, for dei fortel alt til oss, smiler Soltveit.

LES OGSÅ: Råkøyringa i Austrheim: – Politiet bør vera meir synlege

Ho trur klubben for mange kan fungera som ei unnskyldning for å ikkje drikka.

– Det verkar som om mange vel å koma på klubben i staden for å dra på fest og drikka seg fulle. Vi er glade for å sjå at mange heller kjem til klubben hjå oss.

Soltveit oppfordrar og ønskjer alle frå 8. klasse og oppover velkommen til klubb.

– Foreldra kan vera sikre på at vi tar godt vare på ungane deira. Dei er tryggja hjå oss, seier ho.

LES OGSÅ: Mistenker høy fart - to til legevakt etter at bil havnet på taket

Artikkeltags