Ungdomen sin kandidat?

LANSERT: Vegard Flatøy, eldsjel bak Flatøy rock Festival, er lansert som tiårets namn.

LANSERT: Vegard Flatøy, eldsjel bak Flatøy rock Festival, er lansert som tiårets namn.

Artikkelen er over 8 år gammel

Er Vegard Flatøy tiårets nordhordlending?

DEL

Marius Træland meiner Vegard Flatøy bør bli tiårets namn. Jazzbandet Melano er og nominert.

- Mi grunngjeving er at han, trass ung alder (23), allereie har gjort mykje for ungdom. To år på rad har han eine og åleine arrangert ”Flatøy Rock Festival”, ein gratis festival for ungdom frå Flatøy og omegn.

- Her får lokale band sjansen å spela, det er eit non-profit-arrangement og dermed eit prov på at også yngre generasjonar har dugnadsand.

- For årets vi er gått inn i, jobbar han med planar om eit arrangement som også er eit kulturtilbod for barn. Vegard var og initiativtakar til aksjonen mot nedlegging av Flatøy skule, som etterkvart har fått ein tallrik tilhengarskare, skriv Marius i mail til Nh.

Sigve Engseth har sendt mail til nh og bed om at jazzbandet Melano vert nominert for sin innsats i musikklivet.

Førebels er det Eikanger-Bjørsvik som har tatt ei lita leiing i avstemminga over kven som er tiårets namn i Nordhordland.

Men både Tommy Urhaug, Helge Brekke og ubåtkvinnene på Fedje får og bra med stemmer.

Fleire har forsøkt å føreslå Trond Mohn for alt han har bidratt med, men Mohn er dessverre ikkje heimehøyrande i vårt område, og fell difor utanfor kåringa.

Artikkeltags