Teken for hasjbruk ved dataparty

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag kveld vart politiet kalla ut til Meland aktiv, der vakter hadde oppdaga ulovleg åtferd hos somme av dei frammøtte.

DEL

– Vi er litt bekymra for utviklinga som har vore, der det har blitt brukt hasj utanfor Meland aktiv i samband med datapartyet der i romjula, seier lensmann Kjell Idar Vangberg i Nordhordland lensmannskontor.

Han understrekar at dei flest ungdommane som deltek på datapartyet oppfører seg etter lova, men ser at arrangementet også fører til nokre utfordringar.

– Det er ein del ungdom som har trekt dit ikkje berre for å spele, men for å bruke rusmiddel. Det er uheldig for heile miljøet, seier Vangberg.

Vangberg stadfestar at politiet har teke beslag i hasj, men vil ikkje kommentere saka utover dette på noverande tidspunkt.

Roleg og grei måte

Arrangørane bak datapartyet er Errors, der Espen Molvik er styreleiar og Nikolai Fløysand Berland er nestleiar.

Dei skriv følgande på Errors si facebookside om hendinga:

«Vaktene merket i går kveld uønskt oppførsel fra et par deltagere og tok derfor kontakt med politiet. Politiet kom og tok en runde i hallen på vår etterspørsel og kontaktet deretter en foresatt, som kom og hentet sin ungdom. Alt skjedde på en rolig og grei måte og vi takker politiet for at de hjelper oss når det trengs. Vi bruker å be politiet om å komme på hvert party, fordi vi ser at de kan ha en preventiv effekt. Dette er et rusfritt og barnevennlig arrangement og slik ønsker vi å holde det.»

Artikkeltags