Julie (17) tok eit originalt val, og bytta frå helsefag til byggfag: - Ein må vera open for nye yrke, og ikkje berre følgja straumen.

Julie Kleiven Mjelde (17) frå Kløvheim.

Julie Kleiven Mjelde (17) frå Kløvheim. Foto:

Av
DEL

Nh UNG:Julie Kleiven Mjelde frå Kløvheim valde for eit år sidan noko mindretalet av jenter gjer. Ho ville ikkje gå vidare på linja helsefag, og tok heller steget i ei heilt anna retning.

Julie gjekk først eit år ved linja helsefag. I tiande klasse var ho usikker på kva ho ville. Ho høyrde på dei rundt seg, slik ungdom blir oppfordra til når dei ikkje veit kva dei skal gjera. Fleire sa at ho passa i eit helseyrke, og valde denne linja sjølv om ho var usikker.

- Eg føler at mange jenter vel helselinja fordi dei ikkje heilt kva utdanning dei vil ha. Eg oppfordrar til å tenkja veldig nøye gjennom kva du passar til, fordi det er veldig dumt å møte på ein sjukepleiar som ikkje likar jobben sin. Då får ikkje pasienten den menneskelege hjelpa som trengs. Viss du ser at dette ikkje passar for deg, er det betre å søke seg inn på ei ny linje, fortel Julie.

Det gjekk ikkje så lang tid før ho innsåg at ho ikkje ville drive med dette resten av livet. Fagmessig var det tungt, og det var mykje som var vanskeleg. Julie følte heller ikkje at det å jobbe med menneske var noko ho var veldig god til.

- Du skal jo vere flink og profesjonell, og gi god hjelp til pasienten. Det var noko eg følte med utrygg på å kunne gjennomføra.

Valde ny linje

Julie byrja å tenkja over at ho likar å vera kreativ, jobba med hendene og sjå framgang med arbeidet. Byggfag virka spanande, og var det ho ville gjera. I tillegg hadde det vore ganske stilig å gå byggfag, i alle fall med tanke på at få jenter gjer det.

- Sidan eg var så interessert i det, ville eg vise at også jenter kan gå byggfag.

Hausten bydde på mykje nytt. Ho skulle ikkje lengre gå helsefag i ein klasse med berre jenter, men ho skulle vera den einaste jenta i klassen. I forkant av arbeidet var ho usikker på om ho kom til å klare oppgåvene. I ettertid viste det seg at det gjekk veldig fint, og ho kjenner på meistringskjensla.

-For tida er eg i praksis to dagar i løpet av skuleveka hjå ei tømrarbedrift, der eg har blitt tatt godt imot.

Arbeidsoppgåvene hennar har vore å ta seg av småting og hjelpe til, slik er det i byrjinga. Ein må bokstavleg talt byggja seg oppover.

Open for nye yrke

Det er få jenter som vel byggfag, men det er nok veldig mange som har potensialet for det.

- Ein må vera open for nye yrke, og ikkje berre følgja straumen. Når ein på ungdomsskulen skal på hospitering, kan ein velja arbeidsplassar ein ikkje såg for seg. Jenter bør ikkje grua seg for å velje mannsdominerte yrke.

Erfaringane til Julie etter å ha vore i praksis hjå tømrarbedrifta, er berre positive:

- Det er eit veldig godt arbeidsmiljø, og hyggelege folk. Alle er veldig greie med kvarandre.

Vidare fortel ho at det er veldig kjekt å sjå framgang i arbeidet ein gjer, og ende opp med eit resultat ein kan vera stolt over. I seinare tid er det kjekt å kunne peika på diverse bygg, og fortelja andre at ein har vore med på å byggja det.

Julie er veldig glad for at ho søkte på byggfag, og meiner at fleire bør gjera det same dersom dei føler at det er rett.

- Eg trudde folk kom til å synes eg var teit sidan eg bytta linje, men det er ingen som har gjort. Eg har berre fått positive tilbakemeldingar på at eg valde den vegen eg følte var rett, og eg er veldig nøgd med det eg gjorde.

Artikkeltags