Benjamin valde feil. No går han førsteklasse på nytt

Litt eldre: – Eg merkar ikkje noko til at dei andre i klassen er yngre enn meg, seier Benjamin Hundershagen Faye. Han valde å byrje på VG1 på nytt.

Litt eldre: – Eg merkar ikkje noko til at dei andre i klassen er yngre enn meg, seier Benjamin Hundershagen Faye. Han valde å byrje på VG1 på nytt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Etter eit halv år innsåg Benjamin Hundershagen Faye (17) at han hadde valt feil linje. No er han ein av mange elevar i Noreg som går vg1 om att.

DEL

Sjølv om Benjamin er 17 år og født i 1999, går han på vg1 saman med 2000 kullet.

– Eg går vg1 om att fordi den linja eg gjekk på i 2015 ikkje var noko for meg. Eg gjekk Restaurant og Matfag på Årstad vgs. Der gjekk eg i eit halvt år. I slutten av september 2015 innsåg eg at linja eg gjekk på ikkje var noko for meg og i slutten av desember same året slutta eg på Årstad, fortel han.

Vil bli tatovør

No går Benjamin Design og handverk på Knarvik vgs.

– Eg synest linja er veldig gøy og har mykje kreativt som eg liker å halda på med. Det eg likar spesielt godt er å teikne tatoveringar. Det er det eg har lyst til å bli, tatovør.

Ungdom har rett til å fullføre vidaregåande opplæring i løpet av fem år etter grunnskuleopplæringa. Det vil sei at ein kan ta opptil to års pause frå skule. Om ein gjer det har ein nøyaktig tre år på å fullføra vidaregåande skule.

Det å bruke fleire år enn normalt på å fullføre vidaregåande er kanskje meir normalt enn mange trur. Ifølge Bufdir.no er det berre seks av ti som fullfører på normert tid, altså tre år. Tre av fire fullfører, men bruker opp til fem år på vidaregåande. Ein av ti bruker meir enn tre år på å fullføre.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Det er mange forskjellige grunnar til at nokon må ta eit år på vidaregåande om att. Alt frå mangel på skulelyst til familieårsaker. I Benjamin sitt tilfelle var det altså val av feil linje som var årsaka.

Møtt med forståing

Benjamin fortel at han val Restaurant og Matfag-linja fordi han liker å lage mat, men likevel innsåg at han heller ønskte å bli tatovør. Han fekk ein del nære vener på Årstad som han framleis er vener med i dag. Det var ikkje særleg vanskeleg å fortelja dei at han ønska å bytte linje, for dei såg at linja ikkje var rett for han.

– Dei ville eg skulle gå ut året og heller byrja på nytt på vg1 til hausten, men dei skjøna at eg ikkje gjekk rett linje og var veldig forståande ovanfor valet mitt. Mormor, som eg bur hos var også veldig forståande, sjølv om ho i byrjinga var redd for at eg berre skulle sitta heime og lata meg, fortel han.

I mellomtida før han byrja på ny linje, fekk Benjamin seg ein jobb på servicelinja på EL-kjøp. Han synest det var kjekt, sjølv om han ikkje tente pengar på det. Benjamin fortel vidare at det var kjekt å ha mykje fri, men også ikkje. Det å kunne vera heime, slappe av og spele dataspel var kjekt, men han hadde nesten ingen å vera med for dei aller fleste var på skulen.

På nett: Frå venstre Silje Vindegg, Ida Marie Johannessen, Benjamin Hundershagen Faye og Hanne-Emilie Svaberg Helle. Klassevenninna Ida Marie skryt av Benjamin sine teikningar og tenkjer han gjorde rett val med å bytte linje.

På nett: Frå venstre Silje Vindegg, Ida Marie Johannessen, Benjamin Hundershagen Faye og Hanne-Emilie Svaberg Helle. Klassevenninna Ida Marie skryt av Benjamin sine teikningar og tenkjer han gjorde rett val med å bytte linje. Foto:

Liten forskjell

Om det å gå i klasse med eit yngre kull kan vere eit problem, har i alle fall Benjamin ikkje merka noko særleg til det. Eit års forskjell er kanskje ikkje så mykje som ein skulle trudd.

– Det går fint å vera saman med dei som er eit år yngre enn meg. Sjølv om eg har flest vener som er jamgamle med meg og eldre, har eg eigentleg ikkje kjent så mykje på at dei i klassen er eit år yngre enn meg.

Artikkeltags