Fritidsbåt på grunn ytst i Sognefjorden

VENTAR: Slik ligg båten og ventar på flod sjø. Den skal ikkje ha fått skader på skroget.

VENTAR: Slik ligg båten og ventar på flod sjø. Den skal ikkje ha fått skader på skroget. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ein båt har gått på grunn ved Rutletangane i Gulen. Havarist ordnar seg sjølv, melder Hovudredningssentralen.

DEL

Hovedredningssentralen Sør fekk melding frå Kystvakta onsdag morgon om at ein fritidsbåt stod på grunn i Rutletangane, skriv Firda.

Ifølge redningsleiar Kjetil Hagen har dei to om bord i båten truleg gått på grunn om natta.

– Dei gjekk på grunn i mørket då det var flod, då det blei lågare sjø stod dei godt fast, seier Hagen.

Politiet blei varsla om båten av observatørar på land.

– Båten har metallskrog og skal ikkje vere skadde. Her er det ingen fare på ferde, og beste medisin mot å stå fast i fjøra er å vente på flod, seier Hagen.

Kystvakta Njord har vore på staden og undersøkt, og dei fjørfaste har fått tilbod om hjelp frå Kystvakta, men melder at dei vil ordne opp sjølv. 

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags