Her er tipsa som reddar deg og dingsane dine frå lynet

Nær 60 prosent av skademeldingeane kjem i løpet av sommermånadane juni, juli og august, ifølge tall Gjensidige har henta inn.

Nær 60 prosent av skademeldingeane kjem i løpet av sommermånadane juni, juli og august, ifølge tall Gjensidige har henta inn. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Dei siste sju åra har hordalendingane fått utbetalt 234 millionar kroner i erstatning for skadar etter lyn frå forsikringsselskapa.

DEL

Dette viser ei oversikt Gjensidige har laga. Den er basert på tal frå Finans Norge, og dekker alle forsikringsselskapa.

I løpet av dei tre sommarmånadane valdar lynet fleire skadar enn i resten av året til saman.

Elektrisk utstyr som PC-ar, kjøleskåp og TV-ar er mest utsette for skadar frå lyn.

Men det hender også at lynet valdar brannar. Sidan 2010 har forsikringsselskapa betalt ut 234 millionar kroner i erstatning for skadar etter lyn i Hordaland.

Totalt er det meldt inn 7700 skadar til forsikringsbransjen i Hordaland i denne perioden.

– Hordaland har lege åleine på toppen dei aller siste åra når det gjeld denne type skadar. Finnmark slepp billigast unna, seier Arne Voll, pressekontakt i Gjensidige.

No startar verstingperioden

Simon Andre Olsen er rådgjevar i Gjensidige.

Ifølge han var 2014 det verste lynåret dei nokon gong har registrert.

– Då tok forsikringsselskapa imot fleire enn 18.000 skademeldingar landet over. Dei to siste åra har det vore meir på det jamne, med 6000–7000 skademeldingar per år, seier Simon Andre Olsen.

Nær 60 prosent av skademeldingane kjem i løpet av sommarmånadane juni, juli og august, ifølge oversikta.

Aller verst er juli, som åleine står for ein fjerdedel av skadane.

– Det er på den tida av året vi oftast har ustabile vêrforhold med fuktig luft og varm bakke, seier Olsen.

Det er mest lyn og tore i innlandet, men det hender også langs kysten.

Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige. Foto:

Slik førebygger du

Det er ikkje så mykje ein kan gjere for å hindre lynet, men nokre tiltak kan forhindre eller redusere skadane, ifølge Gjensidige.

– Alle sikringsskåp bør ha overspenningsvern, som vart påbode i nye bustader frå 2010. Eigarar av eldre bustader bør også installere overspenningsvern, om dei ikkje allereie har, seier Olsen.

I tillegg er det fornuftig å ha FG-godkjent pluggvern til PC og andre utsette apparat, fortel han.

Pluggvern monterast mellom stikkontakt og støpsel.

– Ein annan enkel og velkjent måte å beskytte apparat på, er sjølvsagt å trekke ut kontakta, seier Simon Andre Olsen.

Tips og råd

  • Hald deg innandørs når det lynar. Hus og bil er trygt.
  • Hvis du er utandørs, bør du unngå stader der hovudet stikk opp i terrenget og blir høgste punkt.
  • Ikkje søk ly under tre.
  • Du kan telle deg fram til kor langt unna torevêret er. Lyden bevegar seg omtrent 330 meter i sekundet. Hvis det tar 3 sekund frå du ser lynet til du høyrer toreskrallet, er lynet cirka 1 kilometer unna.

Artikkeltags