Utforkøyring ved Mundalsberget på E39

Utforkøyringa ved Mundalsberget på E39 kunne fort gått mykje verre.

Utforkøyringa ved Mundalsberget på E39 kunne fort gått mykje verre. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein person er sendt til Haukeland i ambulanse etter ei stygg utforkøyring på E39 nord for Knarvik.

DEL

Det var ca. klokka 12.45 fredag brannvesen og politi melde om at ein bil hadde køyrd utfor vegen på E39 ved Mundalsberget.

Ulykka har skjedd nord for Mundalsbergtunnelen, nokre hundre meter frå tunnelopninga.

Bilen har brote ned autovernet og hamna 10-12 meter nede i ei bratt skråning. Der ulykka skjedde er det kring 60 meter frå vegbana og ned til fjorden. Bilen vart etter ulykka ståande på stammane av nokre brotne tre i åssida nedanfor vegen.

Sjåføren skal ha vore oppegåande då brannvesenet kom fram og hadde sjølv komme seg opp att til vegen. Han vart tatt hand om av ambulansepersonell og sendt til akuttmottak på Haukeland. Tilstanden til sjåføren er ikkje kjend.

Det er klokka 13.24 manuell dirigerting av trafikk forbi staden.

Brannvesenet reknar med å bruke ein til to timar på bilberging og opprydding.

PRESISERING:

Fredag kveld kom vi i skade for å forveksle denne utforkøyringa med ei anna som skjedde tysdag og skrive at politiet har oppretta sak mot bilføraren for aktlaus køyring. Det gjeld altså ikkje denne saka. Avisa Nordhordland beklagar feilen.

Ulykka har skjedd nord for Mundalsbergtunnelen, nokre hundre meter frå tunnelopninga.

Ulykka har skjedd nord for Mundalsbergtunnelen, nokre hundre meter frå tunnelopninga. Foto:

Bilen har brote ned autovernet og hamna langt nede i ei bratt skråning.

Bilen har brote ned autovernet og hamna langt nede i ei bratt skråning. Foto:

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags