Ubåtheving ut på anbod

HEVING UT PÅ ANBOD: Kystverket legg no heving av U864 ut på anbod.(Foto: Geoconsult)

HEVING UT PÅ ANBOD: Kystverket legg no heving av U864 ut på anbod.(Foto: Geoconsult)

Artikkelen er over 12 år gammel

Kystverket legg no heving av ubåtvraket utanfor Fedje ut på anbod.

DEL

Anbodsrunden betyr likevel ikkje at den endelege avgjerda er tatt når det gjeld om det vert heving eller tildekking av vraket med kvikksølv.

- Vi legg opp til ein brei prosess for å få grundig gjennomgang av alle alternativ for å løysa miljørisikoen som kvikksølvet i og utanfor vraket av U 864 utgjer, seier beredskapsdirektør Tor Christian Sletner i Kystverket til bt.no.

Etter at anboda er inne, skal det lagast eit framlegg til løysing før jul. I midten av februar neste år skal ei uavhengig gruppe evaluera alle framlegg til korleis båten kan hevast. Dei framlegga til metodar som kjem fram i anbodsrunden, skal så samanliknast med tildekking.

Mellom det som skal med i tilboda, er mellom anna grundige utgreiingar av spørsmål knytt til korrosjon, ammunisjon ombord, mudring, deponering og flytting av vraket.

Kystverket er og opne for at verksemder kan gå saman i ei gruppe for å utføra ei eventuell heving, så lenge det kan skrivast kontrakt med ein juridisk bindande part.

1. mai neste år skal Kystverket legga fram sin endelege rapport. Denne skal så ut på høyring, før Fiskeri- og kystdepartementet tek endeleg avgjerd i saka.

Artikkeltags