Kom heim til endevendt bustad

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Fredag kveld fekk politiet melding om innbrot i ein bustad i Grønlandsvegen på Frekhaug i Meland.

- Eigarane av bustaden kom heim fredag kveld. Då hadde dei vorte borte sidan onsdag, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.

LES OGSÅ: Politiet har oppklart innbrotsraid

Endevendt

Dei fekk ein lei overrasking då dei opna døra.

- Dei oppdaga at heile bustaden var endevendt. Då kontakta dei politiet og melde frå, seier Dahl-Michelsen til Avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Fann tjuvegods etter hytteinnbrot

Mellom onsdag og fredag

Hendinga har skjedd mellom onsdag og fredag kveld, meir veit ikkje politiet. Politiet har heller ikkje oversikt over kva som er stole.

- Ein patrulje var på åstadsundersøking i bustaden i går, og det vart oppretta ein sak, opplyser operasjonsleiaren.

LES OGSÅ: Råfrekt innbrot i Knarvik – stal smykke, pengeskap og bil

Artikkeltags