Tvinga til å forlata barna

MÅ REISA? Zarifa har fått beskjed på å forlata barna Rawan og Elan og mannen Tewana.

MÅ REISA? Zarifa har fått beskjed på å forlata barna Rawan og Elan og mannen Tewana.

Artikkelen er over 10 år gammel

Mor må reisa, far får vera ett med barna.

DEL

Zarife Kashtanjeva levde eit godt liv med sambuaren Tewana Saiid og dei to barna Rawand (3) og Eland (1 ½). No vil norske styresmakter senda Zarife ut av landet og la barn og far vera att på Frekhaug.

- Eg lurer ofte på om eg er vaken eller om det er ein vond draum eg gjennomlever. Men når eg skjønar at alt saman er sant, då kjenner eg tårene strøyma på. Kva slags styresmakter er det Norge har som tvingar ei mor forlata å barna sine i ein familien der alt fungerer godt? spør Zarife.

Zarife kom til Norge frå Kosovo som asylsøkjar med foreldra og broren sin for ti år sidan, og fekk då innvilga eit års vern. I 2003 kom ho tilbake til Norge, fekk seg mellombels arbeidsløyve og jobb på Solstrand Hotell, i påvente av at søknaden om gjenforeining skulle bli behandla.

Skulle ha skattekort

Då arbeidsløyvet gjekk ut, skulle ho ha nytt skattekort og fekk beskjed om at for å få det, måtte ho ha eit stempel frå politiet. Stempelet fekk ho, og Zarife trudde då at alt var i orden og heldt fram med å jobba. Det rådet fekk ho òg av advokaten, sidan det enno ikkje låg føre svar på søknaden.

I mellomtida har Zarife i god tru etablert seg med familie. Men styresmaktene har avgjort at ho skal sendast heim att, og dei skuldar henne for lovbrot. I tillegg til å ha jobba utan løyve, skal ho ha opphalde seg to gonger ulovleg i landet, i følgje UDI.

Kyrkjeasyl

Zarife er fortvila, fordi ho meiner ho ikkje har gjort noko gale. Første gongen ho var i landet, kunne ho ikkje handla på eiga hand, då det var foreldra som hadde ansvaret for henne. Når ho fekk politiet sitt stempel på papira som skulle gje henne skattekort den siste gongen ho kom, meiner ho at politiet må ta skulda om ho har jobba utan å skulla gjort det.

No har ho fått frist på seg til 30.september med å reisa. Er ho ikkje ute då, kjem politiet for å henta henne.

– Då går eg i kykjeasyl, seier ho.

Naboane til kamp

Ungane er for små til å forstå kva som skjer, men det gjer naboane. Dei har engasjert seg sterkt og har skrive brev til barneministeren, der dei gjer greie for saka og viser til at barn har rett til samvær med begge foreldra.

- Hjelp oss til å gje desse barna tryggleiken tilbake, seier nabo Randi Moen og viser til barnekonvensjonen. Både ho og dei andre som har engasjert seg synest historia er hjarteskjærande.

– Eg veit ikkje kva eg skulle ha gjort utan støtta eg har fått frå naboane. Den støtta heldt meg oppe, seier Zarife.

Må ta menneskelege omsyn

Naboane har også informert ordførar Nils Marton Aadland om saka.

- Eg er litt undrande til at lover og reglar av og til kan virka firkanta overfor reint menneskelege omsyn. Eg har forståing og respekt for at dei myndigheiter som er sett til å handheva gjeldande lover og bestemmelsar skal få lov til å gjøre det, men eg håper på at det er rom for sunn fornuft og menneskelige omsyn. Dette er spesielt viktig når små barn er involvert, små barn som er født og oppvekst i Norge, og som no heilt uforskyldt blir kasteballar og offer i denne saken, seier Aadland.

Utlendingsnemnda hevdar ovanfor TV2 nyheitene at dei har tatt omsyn til kva som er det beste for barna. Dei viser til at dei har sett ned tida for innreiseforbod frå 5 til 2 år i den aktuelle saka. Barneombodet på si side, seier at det er ein tendens hjå utlendingsmyndigheitene at invandringspolitiske omsyn veg tyngre enn kva som er til det beste for barna i slike saker.

- Eg ser andre koma hit og gjera forferdelege ting, og likevel få lov å bli. Så skal eg bli kasta ut og familien splitta berre på grunn av nokre tabbar. Den straffa fortenar ikkje barna, seier Zarife.

Stortingsrepresentant Trine Skei Grande frå Venstre stod fredag fram på TV2 og støtta Zarife sin kamp. – Barn skal ikkje lida av dei vedtak styresmaktene gjer seier.

Artikkeltags