Gå til sidens hovedinnhold

Trillingane lurte pappa Vegard

Artikkelen er over 13 år gammel

Den eine natta pappa Vegard reiste heim igjen til Masfjorden, fann trillingjentene Lovisa, Sunniva og Mira tida inne til å melda sin ankomst.

– Eg kom tidsnok til å få gitt dei ein liten kos før dei vart flytta til barneklinikken, seier Vegard Hagen.

Folketalet i Masfjorden fekk eit skikkeleg løft natt til søndag, då trillingane til amerikanske Denise og masfjordingen Vegard Hagen kom til verda med keisarsnitt.

13. november vart Denise henta heime i Masfjorden med luftambulanse, etter at det såg ut for at trillingfødselen kunne vera i gang, altfor tidleg. Terminen var sett til sjølvaste skotårsdagen, 29. februar.

- På føden fekk dei roa ned det heile, og Denise vart overført til observasjonsposten for gravide, der ho stort sett har vore sidan, fortel den stolte faren. Det er han som har oversikt på ting og tal i familien, og kor lenge kona har vore sengeliggjande.

- Vegard har også tatt over barnestellet, medan eg brukar tid på å få krefter i kroppen. Han er ein super mann, skryt Denise på telefonen frå KK tirsdag føremiddag. Ho hadde epidural-bedøving og hørte jentene skrika etterkvart som dei vart løfta ut av magen. Først Lovisa (oppkalla etter dei to bestemødrene) på 1940 gram, så Sunniva på 2070 gram og til sist Mira på 2090 gram.

Hadde det travelt

Planen var å ta keisarsnitt torsdag 16. januar, men dei tre jentene hadde ikkje tid til å venta.

Denise fekk rier, og litt før halv fem natt til søndag vart dei tre velskapte og friske jentene født.

-Dei kom den eine natta då eg reiste inn igjen til Masfjorden. Eg fekk telefon om å koma i tretida, men då eg var framme på sjukehuset var dei akkurat født, seier Vegard. Han fekk berre tid til å gje dei ein liten kos, før trekløveret vart overført til barneklinikken, der dei to minste får pustehjelp.

-Alt står bra til, seier Vegard som reknar med å ha trekløveret heime på Norland i Masfjorden om ikkje så altfor lenge.

Vil hjelpa mamma

I mellomtida går det i skytteltrafikk mellom KK og barneklinikken for den travle pappaen som også må ta seg av storesøster Freya Grace (3). Ho har alt stilt spørsmål ved om mamma greier å passa tre babyar åleine.

Storesøster meiner bestemt at ho og bestemor bør komma og hjelpa til, og kanskje er det best om dei stoppar på vegen og kjøper tre små flasker, fortel Vegard lattermildt. Han skal ha permisjon i sju månadar frå jobben som it-konsulent, medan kona som er lege, skal ha tolv månadar.

Kunne budd i Finnmark

Hadde ikkje trillingane gjort sin entre, hadde ikkje den vesle familien, som no er blitt dobla, budd i Masfjorden. Då hadde dei nok budd i ei lita grend langt inne på Finnmarksvidda. Mamma Denise var nemleg turnuslege i Hammerfest og hadde fått tilbod om jobb då det vart oppdaga at ho var gravid med trillingar.

-Vi er veldig glad for at dei då fann det betre å bu på Vegard sin heimplass i Masfjorden, seier ordførar Håkon Matre. Han synest det er stas at også Masfjorden no har fått sine trillingar, etter at både Austrheim, Meland og Lindås kan skilta med trillingfødslar frå før.

-Tre verdsborgarar på ein gong, gir oss ein ”flying start” på året, så i 2008 må det blir folketalsauke i kommunen, seier Matre som vil gjera stas på trillingane når dei kjem heim. Den offisielle biten må han truleg gjera utan rådmann Lovisa Midtbø, som er trillingane si bestemor.