MED DOBBEL VOGN: Mykje av treninga vil foregå med dobbelvogn, så Monica ønskjer tips frå andre som har erfaring med denne typen trening. (Privat foto)

I november i fjor inngjekk Monica Skjelanger Reknes eit veddemål med eldstesonen Trond Morten (16) om å kutta ut sjokolade og brus alle dagar unntatt fredag og lørdag.

I jula var det lov, men frå nyttår var det på an igjen. Det var då mamma Monica gjekk på ein smell.

Tatt på fersken

– Første søndagen i januar spurde Trond Morten meg om eg hadde drukke brus, då han såg glaset som stod framfor meg på bordet. Eg svara; ja, dette er mitt, så du får ikkje drikka av det, seier Monica og ler. Sonen var ikkje sein med å fortelja ho at ho hadde tapt veddemålet og måtte ta konsekvensen av det.

«Straffen» er at ho skal springa 5-kilometeren i Bergen City maraton, 27. april i år.

– Formen er elendig etter to tette fødslar. Og med ein gut på 17 månadar og ei jente på 4 månadar vert det lita tid til trening på eiga hand, seier Monica.

Ho vedgår gjerne at når ho først hadde tapt, så slapp ho seg skikkeleg utpå, men no er det tid for å stramma seg opp om ho skal greia fullføra målet.

Ei utfordring

– I dag greier eg gå ei løype på 3 km, om knappe tre månadar skal eg springa fem, og skal eg først vera med må eg klara meg nokonlunde greit, seier firebarnsmora.

Ho vil gjerne ha tips til korleis trena mest mogleg effektivt, til funksjonelt utstyr som ikkje tærer altfor hardt på familieøkonomien, og på korleis få til eit sunnare kosthald. For det var det det heile starta med.

Sunt fokus

– Bakgrunnen for veddemålet var eit ønskje om å bli litt sunnare. Eg er ikkje opptatt av slanking, men av eit mest mogleg sunt kosthald for meg og familien, seier Monica.

Framfor alt vil ho koma i form, bli sunn og sterk slik at ho kan føla seg vel og ha den energien som skal til for å følgja opp ungdomane på 16 og 19 i tillegg til dei to smårollingane.

Har å slektast på

Firebarnsmora er ikkje heilt ukjent med det å springa, ho har sprunge litt stafett i yngre år. Og med ein far som begynte å trena då han var 30, og er norgesmeister for veteranar på 400 meter, har ho litt å slektast på.

– Sjølv om han bur i Florø, kan han nok vera med å pusja meg, seier ho. Det kan og andre som vil, for Monica har registrert seg via trenings-appen «Endomondo».

Den sporty dama vil la nh følgja ho på vegen mot målet, og har du gode tips til Monica, kan du formidla dei på Avisa Nordhordland si facebook-side.