Fredag 6. april 2012 brann Bjørn West-hytta i Stussdal ned til grunnen etterat dei siste gjestane hadde sett aska frå omnen frå seg i eit skjul like inntil hytteveggen.

Eldsjelar i Bjørn West-foreininga var raskt ute og signaliserte at dei ville bygga opp igjen hytta, som vart reist i 1948 av Bjørn West-veteranar.

LES OGSÅ: Bjørn West-hytta brann ned til grunnen

Styret har sidan jobba med å få løyve til å setja opp igjen hytta som var fullverdig forsikra.

– Vi var difor trygge på at dette ville bety at det kunne reisast ei ny hytte uansett kva den ville kosta. Når alle dispensasjonar var på plass, viser det seg at forsikringsselskapet sitt tilbod låg meir enn 1,2 millionar under lågast tilbod på ny hytte, seier styret sin formann, Oddvar Fyllingen.

Må ty til tiggarbrev

Styret har difor bestemt seg for å senda ut «tiggarbrev» til bedrifter og organisasjonar for å sjå om dei kan få hjelp til å få reist ei ny fullverdig hytte. Fyllingen vil ikkje ut med storleiken på forsikringsselskapet Gjensidige sitt tilbod.

– Vi godtok ikkje tilbodet, og fekk litt meir då vi forlangte skjønn, men framleis er det langt frå nok til å få opp ei hytte etter dagens standard, og ikkje minst for framtida, seier Fyllingen til nh.

Teikningar er laga og godkjende, og alt er klart. Nyehytta vil få tre rom nede med rullestol-tilkomst, og seks rom oppe.

Då det enno ikkje er inngått avtale med entreprenør, vil ikkje styreformannen ut med prislappen på den nye hytta, men han anslår at dei vil trenga rundt halvannan million kroner.

– Kor mykje av dette er dugnad?

– Ikkje mykje, vi legg dugnad nei i å få inn pengar. Vi må ha godkjende entreprenørar, og vil helst ikkje gå i vegen for dei, så litt måling og utvendig tilrettelegging vil bli gjort på dugnad. Håpet er å få sett i gang straks vinteren er over.

Tirsdag kveld var det møte i byggekomiteen, og veka etter påske vil styret velja entreprenør, blant dei lokale tilbydarane.

Ikkje kopi av hytta

Forsikringssselskapet Gjensidige stadfestar at Bjørn West-hytta var fullverdig forsikra.

– Hadde det blitt bygd opp igjen ein kopi av hytta, ville den ha blitt dekka fullt ut. Endringar og i forhold til storleik, gjer at den nye hytta er blitt dyrare. Då er det normalt at utbyggar tar tilleggskostnaden, seier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige. Han legg til at sidan det har vore usemje i saka, er erstatning avgjort med skjønn av to uhilda partar.

– Så dette føler vi er gjort etter boka, seier Voll til nh.